Tweedjakke
Hi-Fi freak
Det er nok rett.Jonas & Co har bare en mulighet, og det er å prøve å fortelle Fellesforbundet at det ikke er mulig å melde seg ut av Acer og samtidig beholde resten av innholdet i EØS-avtalen.
Men "reservasjonsretten" var eit kjerneargument for EØS-avtalen då denne vart innført, og temmeleg lenge etterpå: ein slags garanti for at EØS-avtalen ikkje var suverenitetsavståing, fordi Stortingen kunne bestemma seg for å ikkje implementera visse direktiv. Berre med den finten at ein kvar slik reservasjon i praksis vil setja heile pakka av marknadstilgang og allereie implementerte direktiv i spel, slik du seier.
Kvar einaste gong det kjem krav om slik reservasjon, er det eigentleg berre å pirka borti denne tredve år gamle løgna. Det er jo litt artig at både Nei til EU og Europabevegelsen er rørande samde om at EØS-avtalen er drit, om enn ikkje alltid heilt synkront, og av litt ulike grunnar.