Men NSM’s deal ser mer ut som en åpen boligkreditt til 10 % rente, som til og med kan trekkes opp ved a konto-faktura fra utleier, og som de ikke hadde budsjett til å betale tilbake. Den er for drøy.
Ja. Men eg lurer verkeleg på
kvifor.
Slik eg ser det, er desse ordningane der
tilpassingar vert nedbetalte med renter litt på (den teoretiske) kanten av kontantprinsippet i Staten og prinsippet om at Stortinget skal ha løyvande makt frå år til år. Men på hi sida, så er det å inngå ei leigeavtale på ti år også å pådra staten økonomiske plikter utover budsjettåret (anna døme: å tilsetja folk med normalt stillingsvern). Dette er interessante diskusjonar, men verkeleg ikkje noko nytt og uhøyrt.
Det NSM har gjort, er å pådra seg ein heftig budsjettsprekk i samband med flyttinga til Fornebu. Om denne i seg sjølv er urimeleg veit eg ikkje. Eg kan førestilla meg at vanlege, dølle kontorlokale ikkje nødvendigvis er heilt eigna til arbeidsoppgåvene NSM er sette til.
NSM/Nystrøm kunne, etter innleiande runder våren/forsumar 2022, gått til Mehl og sagt at dette vert sannsynlegvis svært dyrt - valet står mellom å dra i naudbremsa eller ei ekstraløyving. I staden køyrde dei på og skreiv under kontrakten så fort dei kunne. Så skjulte dei budsjettsprekken for Storting, JD og revisor ved å misbruka "finansieringa" hjå NProp, og braut sannsynlegvis
Anskaffelsesforskriften både ein og to gonger. Når sikringa (i budsjett og løyving) først var ute, ser det heile ut til å ha spunne fullstendig ut av kontroll.
Det er noko som ser ut som frykteleg dårleg budsjettarbeid i det brevet som vart sendt frå NSM til JD, 11. mai 2022. Der vart det nemleg fastslått at
Alle nødvendige investeringer planlegges dekket gjennom husleien. Det vil derfor ikke påløpe særskilte engangskostnader utover selve flyttekostnadene og kjøp av noe kontormøbler, som håndteres innen direktoratets budsjettramme.
...
Samlede leiekostnader for planlagte arealer ventes å utgjøre cirka 28,5 mill. kroner. Inkludert i beløpet er husleiekostnader, driftskostnader/felleskostnader, kostnader knyttet til spesialtilpasninger og investeringer, leieinntekter fra partnere/FCKS, samt den direkte driftsbesparelse NSM vil få gjennom mer effektiv drift.
... eller ca. to-tre millionar meir i året enn dei allereie betalte. Når NSM så, to veker etterpå, sender over kontaktsutkastet til JD, nemner dei ingenting om punkt 27-7 og spesiell finansiering av 48 mill for ombygging, altså at "kostnader knyttet til spesialtilpasninger og investeringer" slett ikkje var med i husleiga (men derimot drog denne opp med 6,2 mill i året om vi reknar 5% rente). Og verkeleg ikkje at den reelle kostnaden var 185 millionar (og, altså, doble husleigekostnader samanlikna med utkastet i mai 2022).
Det store spørsmålet mitt er altså
kvifor i all verda? I den verda vi etter kvart har fått, der offensive cyberoperasjonar ikkje er scifi-tull, men reelle trugsmål mot nasjonal sikkerheit, så har vi verkeleg bruk for ein koordinerande og rådgjevande etat i sikkerheitsspørsmål. Av alle ting burde eit ordentleg bygg for dette vera mogleg å få gjennom, særleg når dei uansett måtte ut av eksisterande lokale. I det statlege pengesluket er det ikkje ein sinnsvak sum, heller.
For å sitera
@morbid i ein annan tråd:
Det burde jo være unødvendig at de har havnet i den situasjonen at de må ta opp ulovlige lå for å ha riktig datautstyr og sikre lokaler.
Då står eg att med to moglege forklaringar:
1. NSM har ikkje hatt snøring på kor dyrt dette kom til å verta, og ikkje laga eit reelt budsjett for kva dei faktisk treng i eit nytt kontorbygg.
2. JD/Mehl har gjeve signal (på ein eller annan måte) om at det var heilt uaktuelt å bruka budsjettpengar på å etablera eit nytt "sikkerheitssenter" no, men NSM/Nystrøm har køyrt på likevel, og loge om kostnadene.