Heimturen frå Oslo i går starta friskt i snødriv tidleg på dagen. 4km gåtur til Oslo S med bag over skuldera og trillekoffert på slep, sidan ingen bussar gjekk og det var uråd å få tak i drosje.
Lyspunkt på den etappen var platekjøp på Big Dipper.
På Oslo S var det skikkelig kaos. Klarte etterkvart å manøvrere meg til utgangen til flytoget. Det gjekk jo ikkje, så det var buss for tog, som heller ikkje gjekk viste det seg, så det vart drosje for buss for tog. Køkaos på E6 så turen til Gardermoen tok over 2 timar og kosta 3083kr. Heldigvis var det ikkje som måtte betale den rekninga.
Så var det å få sjekka inn på flyet og kome seg til gate. Det gjekk forholdsvis greit, men me vart sitjande over ein time før me fekk beskjed om at dei måtte fylle drivstoff, så ein halvtime etter det var det til avising før me endelig kunne ta av.
Det vart ein lang dag, men eg kom meg heim.