VI kommer ikke unna et oppslag eller to om økonomien til de som faktisk lager noe basert på fotosyntesen:
Listhaugbonde søker ly i Nationen 14.11.2023.
Landbruk, Melk | Steinar sel kvoten på 340 tonn: – Tener ikkje ei krone (nationen.no)
Steinar sel kvoten på 340 tonn: – Tener ikkje ei krone
Etter snart 10 år som bonde håper Steinar Skotte å kvitte seg med nok av gjelda på 14 millionar kroner til at han kan legge ned mjølkebruket.
Etter store investeringar og 14 millionar kroner i lånegjeld ser ikkje Steinar Skotte (50) andre alternativ enn å selje mjølkekvoten og legge ned drifta.
– Vi må slutte med alt. Det er ikkje nubbesjanse. Det er for mykje gjeld, renta har gått så mykje opp og alt anna har blitt dyrare, seier Steinar Skotte.
Det siste året har meir enn fem bruk blitt lagt ned kvar veke. Går alt etter planen så sluttar Skotte seg snart til den
lange rekka av bønder som har lagt ned drifta.
Store investeringar
50-åringen tok i 2014 over garden han vaks opp på i Lesja i øvre delen av Gudbrandsdalen i Innlandet fylke.
Den gongen var mjølkekvoten på 150 tonn, ifølgje Skotte. Sidan har både driftsomfanget og investeringane vakse og lånegjelda har klatra etter oppover.
Skotte fortel at han etter nokre år bygde nytt fjøs til ungdyr, investerte i mjølkerobot og kjøpte 190 tonn ekstra i mjølkekvote. Nytt fôringsanlegg blei det også. Tanken var ifølgje Skotte å kunne drive på heiltid og legge til rette for neste generasjon.
– Tanken var at skal ein drive, så måtte ein satse. Eg hadde trua, men det funka dårleg, seier Skotte til Nationen.
Investeringa i nytt fjøs blei forseinka for å få investeringsstøtte fortel Skotte, men medan han venta auka byggekostnadene kraftig. Sett i ettertid blei det ifølgje Skotte ei dårleg løysing.
– Det kostar å søke også. Det blei ei dårleg løysing å vente. Eg burde ha bygd utan investeringsstøtte, men banken var ganske gira på at vi burde få støtte, seier han.
Siste delen av investeringane blei tatt i 2019 fortel Skotte.
– Viss vi hadde vore ferdige i 2015, så hadde vi vore over den verste kneika nå, seier Skotte.
– Drifta går i minus
Skotte fortel at han nå har 38 årskyr og ein mjølkeproduksjon på rundt 340.000 liter i året. Oksekalvane sel han når dei er tre månader gamle.
Siste åra har alt av investeringar blitt sett på vent, men likevel går drifta ifølgje 50-åringen knapt rundt.
– I fjor gjekk drifta godt i minus. Året før var det så vidt det var litt i pluss, seier Skotte.
Han har sjølv full jobb utanom gardsdrifta for å spe på med litt inntekt. Skotte fortel at han jobbar 80 prosent som kyrkjetenar og 20 prosent i brannvesenet. I tillegg hjelper alt frå ungar til kårfolk til i gardsdrifta.
– Eg ser ikkje vits i å drive lenger viss eg ikkje klarer betale for meg. Når ein jobbar 2,5 gonger så mykje for ikkje å tene ei krone, så har det ikkje livets rett, seier han.
Skotte trekker særleg fram veksten i renteutgiftene som tyngande for drifta. Skotte fortel at lånet er på 14 millionar kroner og at renta har kome opp i 6,45 prosent.
Med det nærmar dei årlege renteutgiftene seg ein million kroner for Skotte.
– Når ein har full jobb utanom og endå ikkje klarer dekke inn renteoppgangen, så går det ikkje lenger, seier han.
Skotte fortel at det verkeleg begynte å butte imot då kostnadene gjekk i taket under koronapandemien.
– Angrar du på investeringane?
– Ja, men den gongen kunne ein ikkje vente at det skulle bli slik. Det var ikkje feitt før heller, men det har verkeleg stramma seg til dei siste åra, seier Skotte.
Salsforsøk stranda
50-åringen prøvde i sommar å selje mjølkekvoten på vel 343.000 liter. Han la kvoten ut for sal for 14 kroner per liter, men heile kvoten blei ikkje seld. Dermed måtte heile salet leggast på is.
– Det var ein kjempestor nedtur. Vi kom ikkje i mål med heile salet, så vi må prøve å klare oss eitt år til. Eg håper banken lar oss drive fram til tilskota kjem i februar, seier Skotte.
14 kroner per liter for kvoten var det som ifølgje Skotte måtte til for at lånegjelda skulle kunne betalast tilstrekkeleg ned til at han kunne legge ned drifta og betene lånet med ein vanleg jobb.
Nå vil han prøve å legge kvoten ut for sal på ny neste år.
– Eg håper å kunne kvitte meg med så mykje gjeld at lånet er handterleg. Det er målet, seier Skotte, som seier seg spent på kva pris det går å få for mjølkekvoten neste år.
Saman med kona
Mariann Skotte, som er ordførar for Sp i Lesja, har 50-åringen tre barn i alderen frå 18 til 24 år. Dei vil ifølgje Skotte ikkje ta over.
– To av dei har gått på landbruksskule, så interessa har vore der, men dei ser korleis dette er. Det er ikkje fritid i det heile. Eg ville nok heller ikkje tatt over sjølv slik tida er nå, seier han.
Skotte seier inntektene i jordbruket må aukast kraftig slik at det blir lønsamt å produsere mat.
– Det er heilt feil politikk. Vi må få betalt for det vi produserer. Det nyttar ikkje med investeringsstøtte om vi ikkje tener noko. Vi har ikkje sjanse med dagens prisar på mjølk og kjøtt, seier Skotte.