Og hvis man har arvet et lass av dem uten å behøve rikke på en finger kan man tydeligvis gjerne gå inn for å brannskatte folk som behøver å jobbe for føden, for ikke å snakke om de som ansetter og lønner slike. Noe så vulgært, må slås hardt ned på.
Det er ikkje tvil om at det finst ein del frå betrestilte familiar på ytste venstre, men eg veit ikkje om gjennomsnittet er så veldig mykje høgare i RU enn i UH? Hadde vore interessant å sjå statistikk på det, eigentleg.
Eg trur heller ikkje du treng idiotforklara dette med at dei ikkje skjønar verdien av pengar, men kanskje bakgrunnen hjelper til å kunne driva med såpass lite innbringande aktivitet som ungdomspolitikk på ytste venstre, og kanskje det å ha ein rik pappa hjelper til å kjenna eit ubehag ved å ha utsikter til ei betre og tryggare framtid enn dei aller fleste.
Motivasjonen for å vera med i RU er oftest ei heilt ærleg overtyding om at kapitalismen (a priori) skapar tiltakande ulikskap både nasjonalt og internasjonalt, og føreset rovdrift på menneske og miljø, og eit ønske om å gjera noko med det. Det er ikkje akkurat ei lett oppgåve, og det å organisera seg på ytste venstre kan sjeldan forklarast ut frå ein motivasjon om å få litt betre råd til neste år.
Høge skattesatsar for “vanlege” lønsmottakar har vel heller aldri vore ytste venstre si fanesak. Skatt på formue og kapitalinntekt, derimot.