kom med et eksempel hvor dette burde være et krav for å gjøre en god jobb.
Meiner du desse to mastergradane? No veit eg ikkje om noko norsk UH-institusjon som deler ut slike gradar, men «svart» historie og likestilling er felt innanfor mange fag.
Eller meiner du master generelt?
I skuleverket (vgs) meiner eg det er ein klar fordel å ha master, helst ein disiplinfagleg for allmennfaga. Det gjer at ein i større grad har trening i å gjera seg kjend med ny forsking og nye innfallsvinklar, ikkje berre å gjenfortelja pensum.
For historie, sidan du nemner det eksplisitt, gjev ein master også god trening i å finna og arbeida med primærkjelder. Det får du ikkje på bachelor-nivå, og det er noko eg meiner elevar bør eksponerast for. Nett kva felt ein har jobba med, er ikkje frykteleg viktig i skuleverket.
Det finst gode lærarar på vgs utan master (og i andre fag enn dei har master i), og praktisk erfaring som lærar og mengdetrening er også viktig.
På yrkesfag ville eg nok meint at eit fagbrev var å føretrekkja i programfaga, ofte framfor ein mindre relevant akademisk grad (men ein miks i kollegiet det aller beste).
det er ikke noe magisk man lærer på en høyskole som man ikke kan lære seg på andre måter
Nei (bortsett frå på Galtvort).
Men formell utdanning er ein måte å sertifisera kompetanse på, og ein slags garanti for at du har vist kompetente fagfolk kva du kan.
Eller, var det. Kjerkol-saka er vel eit slags skot for baugen, og det er mildt sagt ein del andre skjer i sjøen også.