Tweedjakke
Hi-Fi freak
Eg tenkjer ikkje det er grunn til å beklaga.Beklager at jeg ble litt entusiastisk over at man endelig får et batterikjøretøy som ser bra ut og at man for en gangs skyld kan få en full size pickup som ikke koster skjorta.
Sjølv køyrer eg altså no og då VW T5, og argumenta våre i 2016 (eller: kona sine, eg ville jo gjerne brukt pengane våre på ein halvgamal Porsche eller halvgamal Geländewagen) var om lag det same: God plass til ein familie på seks + katt + bagasje, 1 europall eller bunke 240x120-plater baki (trur eg) dersom vi gjer litt arbeid med å flytta og/el leggja ned sete og ikkje har familien på seks bak. Helst ikkje eit lass med grus, litt vanskeleg å spyla. Dieselforbruket (med ny motor) er ca 2.5x det erato kunne melda om på sin MB E-klasse.
Altså, ingen moralsk peikefinger frå mi side, men eg lurte oppriktig på kva som var "gamechanger" med F-150 samanlikna med ein mindre pickup (som Hilux, Amarok eller Ranger), altså kvifor du understreka "full size" heile tida, og svaret er altså "litt større plass overalt". Greit svar, det.
Sist redigert: