Tja.
Kan USA/NATO "totalt knusa" Russland militært, med konvensjonelle våpen? Det veit du betre enn eg gjer, men mi magekjensle tilseier eit "nei" dersom ein skal slåst på russiske premiss slik det vert gjort i Aust-Ukraina i dag, og eit betinga "ja" dersom ein kan slåst på NATO sine premiss. Betinga, fordi ein militær siger berre er starten.
Dersom du vil stille Putin og venene hans for retten, og henta ut rettmessig erstatning for skadene i Ukraina, må du okkupera og passivisera Russland i årevis framover. Vi ser jo kor fabelaktig bra det gjekk for USA (med vener) å gjera det i Afghanistan og Irak - og det var med heilhjarta støtte på heimebane etter 9/11. Det funka for så vidt i Tyskland etter krigen, men det kosta enormt med ressursar og eg har mistanke om at både Tyskland og tyskarar var vesentleg lettare å ha med å gjera enn det Russland og russarar vil vera.
Eg trur det er eit visst håp i at Ukraina kan kasta ut Russland frå det meste av det dei har okkupert (gjeve at vestlege våpenleveransar held fram i tilstrekkeleg tempo og at Trump ikkje vert president). Sjølv då vil det vera naudsynt med forhandlingar: ikkje for å gjenoppretta all fred og fordragelegheit, men for å kunne slå fast når/om Russland i praksis går til ein ny krig, såleis vera bakgrunn for td. å ta Ukraina med i NATO (og EU). Ein evigvarande krigstilstand langs grensa til Russland vil vera svært vanskeleg over lang tid.