Tweedjakke
Hi-Fi freak
Ja, det er difor eg ikkje skjønar heilt at Unio på lang sikt har posisjonert seg saman med Akademikerne.I alle fall for en del innenfor offentlig forvaltning så er man relativt attraktiv arbeidstaker i det private eller i ymse offentlig eide selskaper om man ikke vil ta den helt ut.
Dei typiske Unio-forbunda er forbund som, sterkare enn både Akademikerne og LO/YS, representerer profesjonsspesifikke utdanningar for offentleg sektor: sjukepleiar, prest, politi, lærar. Altså utdanningar som ikkje er direkte relevante for privat sektor (iallfall ikkje bøtter og spann). Forskarforbundet er vel viktigaste unnataket, men også for mange som er tilslutta der står valet i all hovudsak mellom stat eller KS (matnat-akademikarar, som har best sjansar utanfor stat/KS, er gjerne organiserte i Tekna, har eg forstått).
At UNIO fekk ein betre deal i 2022 då dei slutta seg til Akademikerne si avtale, var sjølvsagt ei taktisk vurdering, og det gav sikkert grei uttelling då. Men samtidig er UNIO dei "nye arbeidaryrka" i offentleg sektor, samtidig som det vert stadig færre utan akademisk utdanning (typ LO/YS).
Unios forbund
www.unio.no
Eg tykkjer Alex Hjelme, som sjølvsagt på ingen måte er ugild den tid han er nestleiar i NTL UiO, stiller nokre gode spørsmål her:
Hvilke utdanningsgrupper vil dere løfte, Unio?
Unios budskap i denne streiken er at de ønsker å løfte «utdanningsgruppene», men det er høyst uklart hvem de med det egentlig sikter til, skriver NTL-medlem ved Universitetet i Oslo.
www.khrono.no
Sist redigert: