Søker man opp enkelte lister på nettet så kommer det mye rart som jeg ikke ville vurdert å kalle power ballader.. seal - kissed by a rose, Metallica - nothing else matters osv..
Ser at Wikipedia lurer på om “Black Hole Sun” kan vera ein grunge-powerballade. Ikkje i mi bok, sjølv om også det er ein veldig bra song. Satriani har rolege, melodiøse låter, men eg får ikkje “Rubina’s Blue Sky Happiness” til å verta powerballade, kor som er.
Metallica: Der kan eg kanskje overtydast om at «Nothing else matter» er nær, men «Sanatarium» er ikkje ein powerballade, same kva. Kvifor ikkje?
Det er frykteleg mykje som ligg tett opp mot power-ballade utan å vera det
heilt. Power-pop, som “Heaven is a place on earth” eller “What a feeling” liknar ofte i tempo, struktur og trøkk, men manglar noko. Ein del James Bond-låter har så mykje trøkk at eg lurer på om det kan kvalifisera, sjølv om arrangementa ikkje er klassisk rockemusikk. Adele kunne kanskje vore powerballade, men også der er det noko gale med arrangementa (nei, det er ikkje det, men det er ikkje power).
Måneskins «Coraline» er kanskje ein moderne powerballade? Nesten? Litt, iallfall? Om eg spør fint? Iallfall er låta på mi guilty pleasures-liste «Magic Kingdom».
PS. «Alone» er ei nydeleg låt, og kan gjerne stå høgt på ei slik liste. Det høyrest ut som ein typisk (ikkje-power) ballade på starten, og så slår refrenget inn med stadig stigande trøkk og meir og meir kjensler. Kjensler som når ein var tolv år og stupforelska i den finaste jenta i klassen, heilt ufiltrert. Gitaren som kjem inn og plukkar opp tema frå pianoarrangementet på starten, nesten som for å ta over for vokalisten.
Interessant nok har originalen med i-Ten alle dei same elementa, men nettopp fordi dei ikkje får til å dra refrenget til, er låta mykje svakare.
PPS. Det var no irriterande kva ein skulle setja seg til å høyra gjennom, då. No er eg overtydd om at Céline Dion har minst like mykje power i Steinmans «It's all coming back to me now» som Meat Loaf, rett og slett fordi ho har ei stemme som kan dra på noko så sinnsvakt. Og at Adele kanskje kan syngja powerballadar heilt utan slagverk og elgitarar.
Men kanskje at Bonnie Tyler funkar i "Total eclipse of the Heart" fordi stemma hennar ikkje er heilt perfekt, og iallfall ikkje sånn pikeaktig vakker. Somme verselinjer, som "I really need you tonight", er det som ho nærast glefsar ut. Litt som kona kommenterte om Idina Menzel i "Let it go": Ho der høyrest ikkje ut som ei ung prinsesse, men som ei førtiåring som nett har skild seg.
Céline Dion har sjølvsagt framført Alone, også.
Det er ingenting teknisk å utsetja på framføringa, men samanlikna med Heart si utgåve (
også ei moderne dei har gjort i Albert Hall) fell det heilt gjennom fordi ho skal ha stålkontroll heile tida. Liksom illustrert med ei utprega diksjon td. av "-k" i utlyd, som i starten "I hear the ticking of the cloc
k", "room's pitch blac
k", og underlege vokalar her og der.
PPPS.
Hyper-teknisk gjennomgang av kor bra Ann Wilson eigentleg syng, der det vert nemnd at ho greier å syngja på n-en (eg sakna hjå Dion over).
Coda: Kanskje det eg liker med (power) balladar rett og slett er det teatralske.