Det som slår meg er diktatorer og despotiers gjengse fascinasjon for vidundervåpen. Og troen på disse.
Helt siden Hitlers "wunderwaffen" - de mest kjente V1 og V2, opp til våre dagers Putin og Nord Koreas lys. Og også Iran.
Om vi tillet ein liten digresjon; eg meiner ikkje observasjonen er feil:
- Vi ser nord-koreanske, sovjetiske, iranske, kinesiske, irakiske (før invasjonen) osb. diktatorar som ser på svære militærparadar med penisforlengjar-rakettar som paraderer forbi - di større, di betre. Så får det eit komisk tilsnitt fordi desse Wunderwaffen syner seg langt mindre wunderbar i praksis: om rakettane let seg fyra av, ramlar dei gjerne ned ein heilt annan stad, om dei ikkje vert sprengde av effektivt luftvern.
- Det skil seg litt frå Hitler sine Wunderwaffen (V1, V2, Me-262, ulike tanks); desse var jo ikkje teknologisk rævva, men berre så alt for få til gjera nokon skilnad på nokon som helst måte.
Men, er dette eigentleg eit kjenneteikn ved
diktatorar? Det er då verkeleg slik at "vår side" også, til trass for jamnlege, demokratiske val og ytringsfridom har dyrka, nærast fetisjert det å ha overlegne våpen sidan andre verdskrigen?
- Bombinga av Hiroshima og Nagasaki er vel einaste dømet der Wunderwaffen verkeleg har spelt ei avgjerande rolle i krig. Etter det er det openbert korleis det amerikanske miltæret ønskte å bruka atomvåpen for å avgjera langt fleire konfliktar - heldigvis stoppa av kloke politikarar og byråkratar før det vart ein reell fare.
- Star Wars-prosjektet som skulle trumfa terrorbalansen ved å gjera USA usårbart mot rakettangrep.
- Under første Golfkrigen vart det innleiiande angrepet marknadsført som "kirurgisk krigføring", presisjonen til amerikanske kryssarmissil og laserstyrde bombar, der vi i TV-sending etter TV-sending fekk sjå CNN-bilete av amerikanske treff langt inne i Baghdad.
- Under andre Golfkrigen, tilsvarande marknadsføring av "shock and awe"-strategien, evna til å fullstendig slå ut all infrastruktur, og påfølgjande evne til å utradera heile fiendlege pansardivisjonar utan å lea på ein finger.
- Som mange andre på min alder, er eg vaksen opp med Tom Clancys œvre; bøkene er ein einaste lang kavalkade over overlegenheita i amerikanske våpen. Frå barndomen hugsar eg korleis vi kollektivt var fascinerte av Tomahawk-missil og Apache-helikopter («ti mål samtidig i mørkret!»)
- Til sist, hangarskip-besøket i Oslofjorden i sumar. Den retoriske funksjonen var å visa fram for både Russland og det norske folk kva forsvaret vårt «eigentleg» kviler på.
Så kan du seia at dei amerikanske våpna er wunderwaffen, medan dei andre i verste (beste) fall er imponator-gimmicks.