Håkon_Rognlien
Hi-Fi freak
I tillegg har jeg oppdaget at ved å bruke en eller annen dings over noe tid, kryper eventuelle forskjeller på deg etter hvert. For meg gir det seg ofte utslag i hvilken musikktype jeg ender med å spille mest av, og dette sier meg noe om hvordan dingsen aksentuerer et eller annet fenomen. Kun et fåtall dingser er like gode på absolutt alt, mens et annet fåtall hemmer gleden over musikken i det store og hele. Merk at dette er subjektivt, selvsagt, andre vil nok ha en annen opplevelse av samme dings. Det vanskelige punkt er å beskrive hvilket fenomen som utgjør den viktigste egenskapen i den aktuelle dingsen, da.Når eg testar (finlyttar, "test"-termen burde ein kanskje vore meir forstiktig med å bruke) prøver eg å gjere det på fleire måtar;
Enkel A/B-test. Samanliknar dings A (som regel den som står i anlegget) ved å spele ein kjent låt har fyrst. Så skiftar eg til dings B og køyrer den same låten. Tidlegare gjorde eg det motsett; dvs i iveren av å høyre ein ny dings, sette eg denne umiddelbart inn i anlegget, og spelte på denne ei lang tid, etter oppvarming og innspeling, alt ettersom.
No let eg dings B vere kopla til nettet (viss det er relevant for dingsen å bli "innspelt" eller "oppvarma" og gå) ei stund før eg prøvar han for alvor.
Fordelen med gamlemåten var at det var lettare å finne ut kva du gjekk glipp av i høve den gamle dingsen, når du sette denne inn att i anlegget. Det var lett å verte fokusert på kva denne gamle greia di ikkje greidde, samanlikna med testobjektet.
Fordelen med nyemåten er at det er lettare å oppleve i kva grad den nye dingsen faktisk forbetrar anlegget. Synes no eg, då.
Elles er lytteøktene vesentlege for i kva grad opplevinga av skilnad melder seg. Eg vil helst ha rom for ein langtidsbruk av ein uprøvingsdings, der eg plasserer han i anlegget og spelar på han flittig ei vekes tid. Når eg så går attende til referansen, dukkar berre dei verkeleg store skilnadane opp, og du (eller eg, då. Trur folk kan vere litt ulike på dette feltet) fokuserer i mindre grad på bagatellar. Etter å ha hatt ein DAK i anlegget fjorten dagars tid, er eg svært usikker på om det er skilnad.
Det som er lettast å høyre skilnad på , er heilt klart høgtalarar. CD-drivverk er veldig vanskeleg å skilje frå kvarandre. For ikkje å snakke om kablar....
CD drivverk skaper i beste/verste fall kun subtile forskjeller. Det sagt, så har jeg hørt et par-tre varianter over temaet som har et eller annet litt spesielt over seg. Men be meg ikke om å plukke dem ut med bind for øya, er du grei...
Og kabler har jeg gitt opp for lengst. Proffmarkedet lager solide og godt skjermede varianter med relativt rent kopper.