Jeg finner det egentlig litt merkelig at enkelte ikke i det hele tatt virker å kunne være enig i at det å "måtte" ta en ladestopp reduserer/hemmer fleksibilitet, men avfeier eller bortforklarer det med at det er lurt, øker sikkerhet, ikke gjør noe...osv.
Eg tenkjer det er klart at ladestopp er irriterande, akkurat som det er irriterande å sjå lemmen gå opp akkurat i det du rasar inn på ferjeleiet, og akkurat som det er vanvittig irriterande med ungar som må tissa
no (og, besynderleg nok, sette opp ei foruretta mine då du spurde om det same på ferja). Særleg er ladestopp irriterande på ukjent veg, når du ikkje har i ryggmergen korkje kor mykje straum bilen krev frå A til B, kvar du finn ladar og kvar det er lurt å lada.
I praksis er alt dette
mindre irriterande enn eg ville førestilt meg det, og med elbilar vert alt sjølvsagt betre: større batteri, fleire ladestasjonar, raskare lading og ruteplanlegging som legg inn ladestoppa. Ikkje det at ei lysande framtid er eit argument for at notida er perfekt, altså.
Men dagens tilbod av bensinstasjonar overalt er heller ingen naturtilstand.
At elbilistar bortforklarar ladestoppa, tek eg mest som eit teikn på at det er ei ulempe vi er villige til å leva med. Men det er klart, eg føretrekkjer å bruka dieselbilen (2011 VW T5) på langtur, og ein viktig grunn er at Leafen min (2015, 30kWh) verkeleg ikkje eignar seg. Men så er det ein ti år gamal bil, også.