Vi bruker ROAF her vi bor. For oss blir tjenesten stadig dårligere og dyrere.
Her, som mange andre stader, er det eit IKS.
Prisane aukar, men ikkje dramatisk, og tilbodet vert ikkje særleg mykje betre (altså: typisk lågare frekvens på henting, og det å fylla dunken med restavfall siste veka før henting minnar alltid om å spela Tetris). At brøken tenestekvalitet/pris har vorte verre, trur eg først og fremst kjem av at oppgåva vert stadig meir kompleks: Det er stadig fleire «fraksjonar» (eller kategoriar bos) som skal spesialbehandling.* Det siste er tekstil.
Så kan ein seia at prinsippet burde vore «ureinar betalar». Problemet er sjølvsagt at dersom den spesifikke, individuelle kostnaden for ein kategori vert for høg, så kjem folk til å juksa - anten kasta driten på sjøen, eller kamuflera td. tekstil og elektronisk avfall som «restavfall». Eg tenkjer det er eit argument for å fordela kostnadene litt grovt.
* Vel, det vart sjølvsagt ikkje betre av at dei arbeidde i ti års tid med å etablera eit biogassanlegg som til slutt ikkje fekk lov til å etablera seg i industriområdet likevel.