Men, og kanskje meir interessant (hø, kva kan vera meir interessant enn å diskutera distro-ar og mimra om Slackware og full rekompliering av kjernen for kvar vesle patch?) er at dette ikkje vrir deg unna Intel-prosessoren.
Det einaste relle alternativet til Intel/AMD er vel ARM, der iallfall teknologien er britisk (japansk eigd), men veldig mange av produsentane (td. Broadcom, som RPi bruker) er framleis amerikanske.
Det skjer ting rundt RISC-V som ser ut som det kan verta interessant ei stund inn i framtida (ikkje berre i Kina, men også i Europa og India), men det er nok ei stund til vi ser det i forbrukarboksar som Asus PL64. Førebels i beste fall på eksperimentelt stadium.
Nokre av oss er sjølvsagt glade for alt som
kan køyra Linux, men for generelle datamaskiner er det det sedvanlege sirkulære problemet at ting som
ikkje kan køyra Windows berre er interessant for ei veldig, veldig snever gruppe. Å finna ein generisk ARM-laptop for å køyra Linux, til dømes, er oppsiktsvekkjande vanskeleg. Det einaste eg har funne har vore Pine64 (Hong Kong)
The European Processor Initiative is a project funded by the European Commission to develop a low power microprocessor.
www.european-processor-initiative.eu
(OK, motstanden mot Intel x86/ia64 er ein «pet peeve» som eg har degga og kjælt for i fleire tiår. At eg no kan hengja det på eit ønske om å verta uavhengig av amerikansk teknologi er sjølvsagt kjærkome. Eg var entusiastisk tilhengjar av "Skolelinux"-prosjektet i si tid, men eg trur det døydde ein stille død, knust under iPads, Chomebooks og gratis Windows/Office-lisensar for skuleungar.
Problemet er også relatert til kommersiell, closed-source programvare generelt. Sjølv om nokre, som Roon, lagar pakker for Linux, er du avhengig av at du køyrer på ein professor dei stør (berre Intel, ser det ut som, om du vil installera på ei generell datamaskin).
Ja, eg er ein sånn type:
Vis vedlegget 1106832