Tredje sesong
Lykkeland på NRK, berre sett første episode så langt.
Norges første oljefunn snur opp ned på Stavanger. Dette er tiden for store penger og risikable valg. Prisvinnende serie om det norske oljeeventyret.
tv.nrk.no
Ser at meldingane er litt lunkne denne gongen; særleg når det gjeld plott og tempo (VG; både Stavanger Aftenblad og Dagens Næringsliv har «meldingar» som stort sett byd på korte handlingsreferat). OK. Men når det kjem til å fanga tida, miljøet, typane og historia (med stor H) er dette NRK-drama på sitt aller, aller beste. Rekvisitørane har gjort ein hinsides god jobb.
(
Edit:
Etter denne lovtalen oppdaga eg tilfeldig at det er ei barndomsveninne som har vore «production designer» for serien. Eg kan niks om filmproduksjon, men Wikipedia seier at det er den som er ansvarleg for «for the overall aesthetic of the story. The production design gives the viewers a sense of the time period, the plot location, and character actions and feelings». Så då er det kanskje henne eg rosar, då. Til mitt forsvar har eg ikkje snakka med henne på minst 35 år).
Det er ein litt pussig reaksjon, skal eg vedgå. Eg prøver å førestilla meg Lykkeland, produsert i eit anna land, i ein heilt annan bransje. Eg trur ikkje serien, i ei slik form som Lykkeland har, nødvendigvis hadde vore like interessant. Altså er det like mykje tema, meir enn akkurat det som skjer, som grip meg. For å lika Mad Men (eg såg aldri heile serien), måtte ein sannsynlegvis også interessera seg for Don Draper.
Eg skal innrømma at sjølv om det er umogleg å ikkje elska karakteren Anne Hellevik, så bryr eg meg eigentleg ikkje så veldig mykje om resten av persongalleriet. Om det vert triumf eller suksess, er for meg veldig underordna spørsmålet om dei fortel ei god historie om oljebransjen på siste halvdel av 1980-talet, og viser fram "korleis det var".
Her kjem sannsynlegvis det personlege inn. Eg var 10 år i 1987, når denne sesongen starta, så dette er ein tidsepoke eg
hugsar. Eg har aldri budd i Stavanger, men far min arbeidde i oljeservice-næringa, og eg er oppvaksen med historier om bransjen. Eg hadde små flasker med råolje frå ulike felt på hylla, og drakk kakao av koppar med Gullfaks-logo. Eg merkar at kona, som på ingen måte hadde slekt i oljebransjen, har langt færre referansar enn meg til det som skjedde: – Hugsar du Mongstad-skandalen og «ein mong»? – Nei.
Motebiletet, ungdomskulturen, musikken, bilane og alt det andre frå 1980-talet var sånt eg er litt for ung til å ha eit eigentleg forhold til, men samtidig var det bakteppet for korleis mi eiga ungdomstid var (eg kan, kanskje, i tolvårsalderen, ha hatt hockeysveis i om lag eit halvt år, og grein meg kanskje til ein Ball-genser fordi alle andre hadde det). Robotiseringa, derimot, las eg ivrig om, særleg i Teknisk Ukeblad.
Så eg skal vedgå at denne sesongen er ein slags "sucker punch": Han spelar så sterkt på heile nostalgi-registeret mitt at det er umogleg å ikkje lika det. Pressar eg meg sjølv opp i eit analytisk hjørne, kan eg sikkert finna veikskapar. Eg er ikkje sikker på at eg er så interessert i det.