Å skulde nokon for å vere dum er mangesidig, og du kan meine ganske ulike ting:
- at vedkommande er lite intelligent (intelligensen er ganske mangesidig - t.d. sosial, matematisk, kreativ). Desse eigenskapane fordeler seg ikkje jamt, men stort sett er det uhyre vanskeleg å påpeike store skilnadar mellom folkegrupper. Hitler prøvde, men.....
- at han er uopplyst. I så fall - kven er det si skuld?
- at han er det vi heller burde kalle "forstokka", dvs. handlar mot betre vitande. Her hamnar dei fleste av oss, i større eller mindre grad. Det høyrer ikkje til menneskenaturen å handle rasjonelt. Sjølv om vi veit betre, har mistenkjeleg mange av oss tendens til å røyke, drikke, brenne fossilt brennstoff, drive krigar og ha eit forferdeleg kosthald.
Eg trur amerikanarane er like lite "dumme" som anna folk, men det er mange av dei. Og dei har store ressursar. Så mykje maktopphoping gjev eit heilt anna handlingsrom enn "normalt", når det konsentrerast på få hender. (Noreg er ein fredeleg, fredsbyggjande nasjon av den enkle grunn at vi er så få, vil eg tru. Jaja - litt historikk og ressurssamanhengar er vel også bakgrunnen).
Det er vanskeleg å definere sivilisasjon, å vere sivilisert, som kanskje er eit betre omgrep å måle opp mot enn mangel på dumskap.
Mange vil vel hevde at sivilisasjon heng saman med storleiken på ein nasjon, at ein stor nasjon er meir sivilisert enn ein liten. Sjølv vil eg protestere på slikt, og hallar til ein definisjon i redning det professor Odd-Bjørn Fure tenkjer: graden av sivilisasjon er ein funksjon av evna til å innordne seg ein overståande myndigheit. Såleis ordna Noreg seg godt under domstolen i Haag, då vi miste Grønland til Danmark, vi vart sure, men godtok dommen (små som vi var). USA kunne aldri tenkjast å gjere noko liknande, dei kan knapt tenkje seg å innordne seg FN. Og når storebror ikkje gjer det, kvifor skal andre? Klassisk disiplinproblem vi ser mange parallellar til i skulen.....
Sentralisering er ein del av menneskenaturen, og kanskje vårt skumlaste damoklessverd.