Det jeg videre hevder er at, ja det er selvfølgelig god signalhygiene å skille signal fra jord mellom apparater. Da unngår man jordproblemer og den underliggende brummen som alltid er til stede i et SE oppsett. Men en PU, uten eget jordpotensiale, som stjeler det av trinnet den er koblet til vil ikke ha det problemet. Dermed sitter vi igjen med en teoretisk økt CMRR og +3dB S/N. Jeg kjører dobbel TP kabel fra Belden med individuel intern skjerming mellom kanalene og jord i skjerm, fungerer knall. Men har aldri opplevd særlig støy her nede i grotta, så denne halvmeterstumpen fungerte like bra når jeg hadde Elcomps ECP2, som nok er et vel så bra trinn som mitt sirkustrinn.
CMRR står for "Common Mode Rejection Ratio" og er definert som
CMRR = Ad/Acm,
der Ad er differensialforsterkninga og Acm er forsterkninga av commonmodespenninga på inngangen. Med ubalansert overføring er Acm = Ad, så CMRR = 1, tilsvarande 0 dB; som betyr at interferensspenningar vert forsterka med same faktor som signalet frå pickupen. Når ein i tillegg tek omsyn til at skjermen vert nytta som ein av signalleiarane vil ein ofte ha høgare interferensspenningar enn i dei to symmetriske leiarane nytta for balansert overføring.
Sjølv om balansert overføring er mykje betre enn ubalansert overføring er det ikkje perfekt. Ein differensialforsterkar har ofte CMRR i området 80 til 110 dB i lågfrekvensområdet. Men CMRR avtek med 6 dB/dek. over opensløyfeknekkfrekvensen fc, så commonmodespenninga (interferensspenninga) blir ikkje undertrykt like effektivt i høgfrekvensområdet som ved låge frekvensar. Forsterkarprodusentane burde publisera grafar som syner CMRR som funksjon av frekvens, men det kan eg ikkje hugsa å ha sett i samband med RIAA-forsterkarar. Truleg av di det ikkje ser like imponerande ut som CMRR ved DC.
For å unngå høgfrekvent interferens (frå høgimpedante støykjelder (det elektriske feltet dominerer over det magnetiske)) må skjermen vera tett. At skjermen er tett betyr at opningane i skjermen må vera små i høve til bølgjelengda til interferenssignalet, og at skjermen bør tilsluttast chassijord (kobinettet) rundt heile periferien. Produsentane av kvalitetskabel gjer ofte opp ein parameter dei kallar dekning (en: coverage) i %. Belden 1776, til dømes, ligg på 85 %, medan Belden 1812A ligg på 95 %. Om ein kabel ikkje har datablad veit ein ikkje kva ein kjøper. Kvalitetskabel, med datablad, treng ikkje vera dyr. Ein annan nyttig parameter ein finn i databladet er kapasitans per meter, som er ein del av den kapasitive lasten til pickupen (av interesse i samband med MM-pickupar). For Belden 1776 og 1812A er kapasitansen oppgjeven til 108 pF/m. Dess kablane er berre nytta som døme og eg seier ikkje at dei er betre eller dårlegare enn andre kvalitetskablar (eg reknar ikkje overprisa sokalla high-end-kabel som kvalitetskabel).
Neutrix produserer XLR-pluggar som som forbind skjermen til chassisjord med minimal lekasje [3][4]. Interferens frå lågimpedante støykjelder (det magnetiske feltet dominerer over det elektriske) går rett gjennom skjermen, så for denne type interferens er det avgjerande at inngangstrinnet i RIAA-forsterkaren har høg CMRR over så stårt frekvensområde som mogeleg, at begge leiarane i kabelen er kopla til same kjeldeimpedans (automatisk oppfylt for ein pickup) og at interferensspenningane i dei to leiarane i kabelen er like (ellers kan ikkje differensialforsterkaren kansellera dei). Dette kan ein oppnå ved å nytta ein kabel produsert med snevre toleransar, eller ein kan nytta quad-kabel [5]. Det ligg ein intressesnt video om dette hjå Benchmark [6].
Referansar
[1] 1776 Multi-Conductor - Two-Conductor, Low-Impedance Cable, Belden.
[2] 1812A Multi-Conductor - Two-Conductor, Low-Impedance Cable, Belden.
[3]
NC3FDX-EMC-Spec, Neutrix.
[4]
NC3MXX-EMC, Neutrix.
[5]
Evaluating microphone cable performance & spesifications, Canare Cable.
[6]
The Importance of Star-Quad Microphone Cable, Benchmark.