No har eg ikkje testa dei nyaste Clearaudiospelarane, men eg må seie at det var eit merkbart kvalitetshopp mellom dei spelarane som hadde liten motor og dei som hadde stor. Dei store motorane var heilt tydeleg medverkande til endå "svartare bakgrunn" i lydattgjevinga. Eg tykte også at Solution var hakket betre enn Champion, men her var det mindre markant enn ned til Emotion. Ambient har eg høyrt, men eg har ikkje hatt han til test, og heller ikkje gjort direkte samanlikning med dei andre. Anar ikkje om dei har funne på noko "lurt" for å få den vesle motoren til å verte like god som dei gamle, store, men det drivast då utviklingsarbeid, reknar eg med.
Clearaudio har også veldig flotte modellar med fleire motorar, tangentialarmar i ulike prisnivå, og ei rekkje utbyggingssett for den som vil opp & fram. Det fell seg dyrare enn å kjøpe komplett toppmodell, men ein kan bruke lenger tid på å bestemme seg, og så splittar ein opp betalinga. Utbygginga av dei ulike modellane har samsvarande kvalitet. Ein Champion Level 2 vil vere ganske mykje betre enn både Champion og Solution sine enklare modellar.
Eg hadde truleg enda opp med anten Nottingham eller Clearaudio, hadde det ikkje vore for VPI sin livlege/dynamiske/engasjerande spelestil, og den svært gode platekransen. No treng ein ikkje platekrans alltid, men for meg som har ei platesamling som for det meste er kjøpt inn på 80-talet, er det kjærkome at plata ligg skikkeleg på den ekstra tunge tallerkenen.