Nettopp!
Tenk: Ein dag sånn litt rundt midten av 1800-talet dukka det opp ein kar hos ein prest i Bergen. Han helste frå presten på heimstaden sin, Hovdebygda i Ørsta på Sunnmøre, og hadde med eit brev.
I brevet stod det mellom anna at sunnmørspresten ynskte at kollegaen skulle hjelpe denne unge karen med eit arbeid han gjerne ville gjere. Og at han måtte sjå på to arbeid karen hadde laga. Presten ville sjå desse to arbeida, og den unge sunnmøringen, som forresten heitte Ivar Aasen, la fram det eine; eit herbarium, systematisk oppbygd etter modell av Carl Linné. Bergenspresten vart imponert, og ville sjå det andre arbeidet ). Dette var ei nøyaktig kartleggjing av dialekten i Hovdebygda, heimstaden til Ivar, med stor fagleg innsikt og mykje presisjon. Så spurte presten om ynskjet til Ivar, som var å få økonomisk støtte for å reise landet rundt for å kartleggje og registrere dei norske dialektane. Dette fekk han, og etter ei tid rekonstruerte og reviderte gammalt talemål til eit effektivt og presist skrifspråk. For å teste om dette var effektivt, omsette han m.a. Die Uhr av Schiller til dette "landsmålet" som det seinare vart kalla, og ein del andre tekstar, og produserte ein god del litteratur av svært høg kvalitet. (har denne boka i eit opptrykk frå 1988
Og resten er historie.
Den landsmålbrukaren eg har størst respekt for, er Aasmund Olavsson Vinje, oppfinnar av kritisk, moderne journalistikk, ein samfunnsskildar/-kritikar med svært høg integritet, og dertil svært god språksans - tekstane hans er svært lesverdige også i dag (bortsett frå "Dølen", om du ikkje taklar gotisk skrift) Skulle verkeleg likt å helst på denne merkelege mannen....
Så har vi Garborg, då. Kanskje tungsindig, men ein betydeleg forfattar på sitt beste. Og ein spennande omsetjar på sitt verste... (eg veit eigentleg ikkje korleis han var på sitt verste, men eit par biografar + Hulda fortel ganske usympatiske ting)
I dag brukast nynorsk ganske mykje. Det er nok meir bokmålsbruk (og endå meir bruk av skriftleg engelsk sånn internasjonalt sett), men språk handlar om identitet. Og det skal ein ikkje ta frå folk. Spesielt ikkje med blårussrealiøkonomisk argumentasjon. Det vekkjer harme. Sjå berre om måten bokmålet vart konstruert på vert pirka for mykje i.....