marsboer skrev:
Maskinen din bruker neppe 5GB reellt. Mesteparten er sannsynligvis bare disk cache, dvs minne som benyttes for cache for skrevne data.
Eg kjende til at Linux gjer det slik, men (feil)tenkte kanskje at BSD ikkje rapporterte på same måten sidan eg faktisk fekk opp ganske mykje fritt minne (og det såg ut som om alt mogleg allokerte haugevis av minne).
No fann eg denne, frå "Max OS X for Unix geeks" (O'Reilly):
http://docstore.mik.ua/orelly/unix3/mac/ch08_01.htm
The physical memory utilization. Memory that is wired cannot be swapped to disk. active memory is memory that's currently being used, inactive memory is memory that Mac OS X is keeping "on deck" for processes that need it, and free memory is memory that's not being used at all.
Dette var jo ikkje akkurat klårgjerande, men iallfall er ikkje "inactive" berre cache på filsystemnivå, det er òg mmap-a filer som ikkje er i bruk, altså "cache på prosessnivå" og RAM prosessane har bede om, men ikkje verkar ha særleg bruk for.
marsboer skrev:
SSD er ikke noe man kjøper for å speede opp swap. Hvis man regelmessig må swap'e til disk, har man for lite RAM, så enkelt er det. SSD skal først og fremst gjøre leseaktivitet fra disk mye raskere. Dette gjelder typisk oppstart av OS og programvare.
For all del. Tanken på SSD kom fyrst og fremst fordi OSX vart sirup då eg gjekk frå 10.6 til 10.7 (med 2GB). Med "nok" RAM (8GB) er behovet for å gjera disken usannsynleg rask mindre (fordi opne program uansett har mellomlagra det meste av det dei treng i RAM). Eg ser ikkje bort frå at SSD ville gjort maskina enno raskare, men behovet forsvann då eg oppgraderte fordi maskina er rask
nok (særleg om eg let programma liggja opne i staden for å lukka dei).
Edit: Google "bsd inactive memory" for fleire, og stundom litt divergerande forklaringar på kva "inactive" memory eigentleg er, td.
her
Edit 2: På sett og vis minner moderne minnestyring om finansøkonomien: Det utruleg mykje minne tilgjengeleg, og prosessar kan få tilsegn om (allokera) kva det skal vera. Det er fyrst når dei har bruk for minnet at det vert kritisk. Dette er ei openberr avsporing.