Det flotte med DD var at dei var så mykje platespelar for pengane. Tilsvarande beltedriven kvalitet var vesentleg dyrare. Så kom dei dyre DD-spelarane, og så kom samanbrotet litt før 1990, og (med nokre svært få unntak) så vart det att berre nokre få, beltedrivne spelarar. DD som var masseproduserte kunne ikkje lagast rasjonelt i små kvanta, og det kom bråtevis av billege drittspelarar som skulle stette marknaden til dei som måtte ha ein-eller-annan dings til å spele platene sine på. Eg veit ikkje om det er håp om nye DD-spelarar, men det er ikkje så veldig viktig. I dag er vinylentusiastane villege til å betale langt meir for ein brukbar spelar enn tidlegare, og då har både VPI, Clearaudio, Linn og ei bråte andre produsentar ei rekkje alternativ som faktisk er betre enn til dømes gamle arbeidshest Technics SL 1200, som vi må seie var "den siste DD"...
Finn du ein av superDDspelarane frå t.d. Goldmund, MicroSeiki, Technics, Denon, Dual, Kenwood for ikkje å snakke om Nakamichi, er det mykje kvalitet for pengane. Men du kjøper dingsar som er fleire tiår gamle, og sjølv om dei normalt er driftssikre, vil eg seie at det alltid er ein viss risiko med å skaffe reservedeler, ha kompetanse på reparasjon m.m. Til gjengjeld er dei normalt til å betale (samanlikna med ei moderne "boreplattform"). Så om du har råd til det, og ikkje likar å pusle med spelaren, ville eg kanskje tilrå innkjøp av ein moderne sak?