November 2020: R.I.P. 6.4?
Desember 2020: Lenge leve 6.4 EBW!
30. desember returnerte min 6.4 til Sørlandet etter eit opphold hjå RJEL.
RJEL vart kvitt eit voldsomt strømtrekk, samt ulyd i eine kanalen når forsterkaren vart skrudd av.
Eg hadde vondt av han, for dette var ingen enkel jobb.
Etter fleire veker og tre rundar med demontering i atomer og testing var feilen utbedra. Godt jobba, RJEL!
Han oppgraderte også forsterkaren, noko eg har drøymt om i lang tid.
Oppgraderinga, kort fortalt (for evt spm, spør RJEL) :
- Oppgradert til EBW.
- Nye opampar (og soklar), LM4562NA frå Texas Instruments (same som brukast i A1s).
- Filter kondensatorar som begrensar båndbredde er fjerna.
- Nye elektrolytter.
- Nye utgangs- og slow start - reléer.
- Zobelfilter på utganger.
- Justert CMRR, THD (forbedra ift tidlegare), DC og hvilestrøm.
- Lenger nettkabel (den som stod montert var svært kort, tippar Leif Ernstsen brukte nettfilter). Var ikkje plass til powercon (trafo var i vegen).
- Testa over lang tid og funnen stabil.
Objektive endringar:
Null og nix ulyd ved påslag (tidlegare kom det kvitre-plystrelydar eit par sekundar ved påslag). Godt målbart resultat iflg RJEL.
Opplevde endringar:
Kort fortalt: Dette var verd pengane og fasten (der eg var uten lyd i anlegget i nesten to mnd).
Natt og dag? Nei, aldri!
Eg var uten forsterkar i nesten to månader, så det er ikkje snakk om A-B testing her akkurat. Men, eg har hatt oppsettet slik det var over lang tid og kjenner det godt. Kan derfor med handa på hjertet sei at endringane er lett hørbare, og stikkord (oppbrukte som dei vel er i hifi-verdenen) som slår meg er:
- Meir frampå
- Strammare
- Meir innholdsrikt men ryddig, særlig i toppen
- Større
Totalt sett litt uvant, for sjølv om endringane ikkje er store, så er dei mange.
Nok ein gang synes anlegget å ha blitt enno litegranne "mindre i veien" for musikken.
Anbefalast denne oppgraderinga andre med 6.4?
Gjett.
Mvh
Karl M