Vakuum eller platekrans med plata rett på ein svinetung tallerk av ikkje-ringande materiale brukar å fungere framifrå.
Gummi av det lett klebande slaget er nok litt dempande, for det kan få vekk "direktedriftslyd" ganske godt (kombinasjonen PlatterMatter/Technics SL1200) Det gjer underverk i visse samanhengar, men dempar også litt dynamikken, samanlikna med råskinn-spelarane.
Filt er veldig greitt, og gjer lite gale.
Rett på metall funkar av og til, men om oftast ikkje (då skal du ha stor, tung spelar med platestrammar og helst krans)
Kork er ganske nøytralt. Eg likte likevel ikkje den einaste utgåva eg har prøvd skikkeleg. (Trur det var ei som var kjøpt i England)
Akryl er tøft og skikkeleg, heilt til du høyrer noko som er betre.
Rett på glas (Rega) er slett ikkje lurt, sjølv med platestrammar.
Slike matter som held plata oppe ved hjelp av knottar eller ringar, så ho har lita kontaktflate er tenkte ut frå at dei unngår mykje støv på mesteparten av plata. Men desse greier seg nesten aldri i konkurranse med alternativa ovanfor (bortsett frå metall og glas)
Stein har eg tenkt å prøve, men har ikkje greidd å få tak i noko som er godt nok sentrert til å legge på spelaren.