Det var hausten 1972, nokre månadar etter at eg hadde kjøpt mi tredje Creedenceplate. Eg var på jakt etter den fjerde, i platebutikken på Nordfjordeid. Ikkje rare platebutikken, Hestenesen (han er der faktisk endå, men sel ikkje vinyl, berre kvitevarer (og litt brunt, kanskje) hadde berre eit stativ av same storleik som ei bruskasse, og det var ikkje meir Creedence der kunne det konstaterast etter ei rask gjennomblading. Men så vart eg merksam på noko rart. Prudence "Tomorrow may be vanished Victoria så bærre pass dæ". Det var denne norske gruppa som hadde gått til topps på Europatoppen med låten "mild grey Fog". Spennande! Eg måtte berre ha plata, og omdisponerte heile Creedencebudsjettet.
Seinare kom Prudence til Måløy, og Faderen var grei nok til å køyre meg og sju kameratar i varebilen. Og for eit show. Kjem aldri til å gøyme då dei sette på stroboskoplampen og kasta tverrfløyta opp i lukta.
Sidan den gong har eg vore trønderrockefan.