Eg gjekk over frå abumatic 280 til Ambassadeur 6000C etter ein traumatisk fisketur der eg miste ein monstertorsk fordi bremsa var for dårleg på Abumaticen. Eg oppdaga ganske fort at Ambassadeur 6000C med kulelager var fantastisk å kaste med, etter at eg hadde meistra sentirugalbremsa. Etter kvart lærte eg å kaste utan bremseklossar, og fekk vanvittige kastelengder, kombinert med flotte køyreeigenskapar, også for køyring av stor fisk (fiksa ein 17 kg torsk på 0,30 snøre, rett nok frå båt.)
Som 16-åring tok eg til å vere fiskarguide for turistar, men vart veldig fort lei av samanruska handsnøre, som var den vanlege reiskapen å by fram til turistane på 70-talet. Eg vurderte å skaffe haspelsneller til havfiskebruk, men etter å ha sett kva som hender med digre, tyske DAM-sneller og litt for små Mitchellsneller, fann eg ut at det var ingen veg utanom multiplikatorsneller. Diverre var dei aktuelle, Penn og Ambassadeur 9000/10000 ganske kostbare, men akkurat då kom den superbillege Ambassadeur 8500. Kunne ikkje kaste med denne, men det var då heller ikkje poenget. Etter å ha lånt ut denne til turistane nokre veker, såg eg meg råd til ei 10000C - kjempesnelle, med fantastiske eigenskapar. Då hadde eg aldri meir snøretrøbbel. Største fisken eg har fiksa med denne snella var ei kveite på 35,5 kg, den største fisken eg har fått.
Nokre år seinare såg eg ei Ambassadeur 30 som "berre låg der" inne i ein sportsbutikk. Etter ein veldig grei prisdiskusjon vart denne monstersnella mi. Men endå har eg ikkje forløyst nokon fisk med tosifra vekt. Det kan komme av at Ambassadeur 30 er ei svært tung snelle, som krever at du jobbar med musklane. Du vert mindre trøytt med "vesle" 10000C som veg under halvparten av dette beistet. Så det vert til at eg vel den litt mindre snella.
I det siste har eg fornya "maskinparken" med ei 2500C, ombygd med lettvektsspole og keramiske lager. Den brukast i ferskvatn, ettersom eg kan kaste 4 og 7gramsslukar tilstrekkjeleg langt.
Eg kjøpte med tanke på ungar og gjester ei 6500, 6600 og ei havfiskesnelle utan Ambassadeurmerkee, men med ABU Garcia. Så kjøpte eg ei kinesisk bygd 10000 CA, som ikkje har på langt nær like god bremse som mi førti år gamle 10000C.
Så har eg ei veldig grei Cardinalsnelle, som eg knapt har brukt i ferskvatn etter at eg fekk Ambassadeur 2500.
Stenger er ein annan sak. Til havfiske tenkjer eg mest på å køyre fisk og kunne kleppe, altså ei relativt kort stang med topptrinse. På land leitar eg framleis etter ei kastemaskin, maksimalt 11 fot, og iallfall 9 fot lang. Hadde ei Hardy 10fots ei tid, men denne har eg slitt ut. Hardy lagar ikkje så gode spinnstenger lenger. Så eg har prøvd litt av kvart, mellom anna ei 13fotar. Desse er berre for lange om du ikkje har med ein som kan kleppe. Og dei kastar ikkje særleg lenger enn dei litt kortare. Men dei er greie å køyre lyr på, når det er marebakke og du må bruke høgda for å unngå at fisken går i taren.
Til ferskvatn ultralett brukar eg ei femdelt spinnstang på 8 fot. Det funkar godt.