Flere av de tidligere østblokklandene har eksakt samme problem. De er utrolig skvetne overfor folk som kan fremstå som det minste annerledes. Interessant hvor akkurat det fenomenet kommer fra.
Eg trur det er eit komplekst fenomen, og eg trur at Polen er eit godt case. Litt stikkordsprega frå meg her:
Den katolske kyrkja har vore ein viktig del av den nasjonale identiteten i Polen; ei avgrensing mot dei lutheranske prøyssarane (junkarane, godseigarane) i vest og nord/nord-aust, og mot dei ortodokse (så ateistiske, så ortodokse att) russarane i aust. Nasjonal sjølvstende/fridom har heller aldri berre vore kopla til typiske liberale verdiar som demokrati, mangfald og ytringsfridom. Derimot låg det ein ikkje heilt uvesentleg del anti-semittisme i den nasjonale identiteten (som vi kan forklara med den tradisjonelle alliansen (før 1800-talet) mellom dei prøyssiske landeigarane og jødane som paria).
Under den kalde krigen vart også «liberal internasjonalisme» ein del av den politiske kulturen, ein del av doxa, i Vest-Europa (delvis som ei følgje av USA/Nato-orienteringa, delvis som ein «opplevd oppsisjon» til denne). Denne liberale internasjonalismen la også grunnlaget for både ei rask og hektisk aksept av rettar for skeive og for ein «institusjonell» (altså, i lover, skuleverk, haldningar osb) anti-rasisme.
Desse liberale verdiane var ikkje ein del av pakka då landa i Aust-Europa braut med Sovjetunionen.
Slike overordna forklaringar vert sjølvsagt frykteleg generaliserande. Har sjølvsagt møtt mange unge polakkar som er minst like liberale som meg.