I tillegg til å male om kjellaren på gråversdagar, held eg på med hagen når sola skin, som no. Eg hadde mykje plen før, men tykkjer det er kjedelege greier, iallfall no når minstejenta er 15 år og ungane ikkje sparkar fotball over alt lenger. Då gror mosen, som eg ikkje gidd fjerne lenger. Eg planlegg å leggje ein del stein rundtomkring. Inspirasjonskjeldene er tre, dei gamle muremetodane som var brukte i lokale bygningar frå tida før Svartedauden, bruk av villheller, og bruk av rullestein i ein del hageanlegg eg har sett i utlandet. Det leggjast rullesteinar i eit sandlagt, avgrensa område som har fall innover. Steinane ligg mot kvarandre og held ugraset ganske godt nede, og eg får ein sti eller eit tun som ikkje eignar seg spesielt for stilletthælar, noko eg ikkje ser på som det store problemet. Eg håpar på å få bort det meste av plenen på skuggefulle stadar utan trakk. Her dannar mosen seg. Mose er forsåvidt greitt nok som Kompe seier, men det er irriterande å verte våt når ein legg seg ned m.m. Gras er betre, men treng dette forbaska beitetrykket eller fotballtrakket for å utkonkurrere mosen. Stein er altså mi løysing. Massevis av rullesteinar og store heller er hovudelementa i ein ikkje alt for stramt strukturert plan.
Akkurat som når det gjeld hifi, er eg funksjonalist når det gjeld hage. Dreiv mykje med grønsaker, og har eksperimentert med slikt som smakar annleis. Ramslauk, egyptisk luftlauk, broccoli-avartar, kirsebærtomatar og alt med sterk smak (forsiktig med løpstikka, sjølsvagt...)
Form follows function. Men kona mi er estetikar, og den andre arbeidsgjevaren, mi gamle mor, er det same, men med eit anna forteikn....utfordringane er altså mange.
Så har eg ved eit par høve fått besøke Knut Vadseth sitt lysthus. Det er to ting eg er litt misunneleg på Knut over; den fine ARC Reference forforsterkaren og lysthuset. All den tid lysthus kostar mindre enn stereokomponentar, er det noko som vurderast. Men eg må ha eit spesialdesigna eitt, utan nemneverdig symmetri, og med stetting av alle tenkjelege behov...må tilpassast tomta, familiebehova, krabbekoking og diktarhytteføremål med eit usynleg, men effektivt, superoppløyst bakgrunnstøyanlegg som må vere i stand til å gje att Berlioz, Satie, Dukas og denslags på ein veldig passande måte. Overmalte, elektrostatiske innbyggjingshøgtalarar og ein Linn Sneaky med modifisert forsterkardel? Må uansett ha straum og nettverkskabling, så tenkinga rundt dette tek meir tid enn det eg har tid til no. Tips hadde vore moro å få.
Det kjekkaste er å dyrke Vestlandsdruer. Eg har eit polykarbonatplatedrivhus. Rett utanfor nordveggen har eg planta ein druestokk. Så har eg skore eit hol i næraste polykarbonatplate, ført druestokken inn, og pakka det utvendige inn i strie. Det har gått aldeles utmerka i 18 år, og no haustar eg nok druer til å produsere typisk ca 20 flasker vin kvar haust. Utfordringa er å finne rette haustetidspunkt. Ventar eg for lenge, kjem muggen, og tek eg det for tidleg, vert det behov for masse sukker (ja, eg juksar når det er beste måten. Minn meg på å ta med ei flaske neste gong eg kjem austover...).
Då er det lettare med vinlegging i Portugal. Men når ein er i Portugal heile sommaren, vert hageinnsatsen heime nedprioritert. Sånn er det berre...
Elles er min yndlingsblomst Primula Vulgaris. Kusymre. Veks i massevis her no. Skulle sendt bilde, men orkar ikkje.