torb
Hi-Fi entusiast
- Ble medlem
- 04.06.2006
- Innlegg
- 178
- Antall liker
- 0
Eg har funne ut at om eg skal nyte musikken min meir enn eg gjer no, må eg har nye høgtalarar. Eg er ganske nøgd med oppsettet mitt så langt, men eg er sikker på at HT er det svakaste leddet.
Så, kva bør eg kombinere med Audiolab 8000S og Meridian 506.20 for å få best mogleg resultat?
Eg har god tid, og mange tankar:
Så, kva bør eg se etter på børsen? Eg har god tid, det blir kanskje ikkje kjøp før eg får meg leilighet, men kven veit?
Så, kva bør eg kombinere med Audiolab 8000S og Meridian 506.20 for å få best mogleg resultat?
Eg har god tid, og mange tankar:
- HT bør vere lett å plassere, då eg no bur i kollektiv, og ikkje veit korleis neste bustad vil sjå ut.
- Av samme grunn bør det nok vere ein stativhøgtalar, då det er tungt å flytte på enorme konstruksjonar.
- Eg har sett på uortodokse konstruksjonar, og Carlsson sine virker interessante, ikkje minst på grunn av at dei er så lette å plassere. Kor får eg tak i dei? Nokon med erfaringar?
- Bør eg gå for lettdrevne HT ala Klipsh?
- Ein kompis har ProAc Response 1SC, desse liker eg veldig godt. Men dei må stå eit godt stykke frå bakvegg - iallefall hjå han. Noko som er ei ulempe for meg.
- Eg har lest mykje godt om Krix Equinox - korleis er denne i forhold til nevnte ProAc? Korleis får eg tak i denne i Bergen?
- KEF Reference 103/4 er til salgs på børsen, og skal spele flott med elektronikken min. Men eg er redd dei blir for store og vanskelege å handtere.
Så, kva bør eg se etter på børsen? Eg har god tid, det blir kanskje ikkje kjøp før eg får meg leilighet, men kven veit?