Hizbollah har sendt raketter mot Israel daglig i snart et år, til sammen 5000 raketter, og i det siste har det økt kraftig på.
Det som kjem overraskande på, er at dei går til eit angrep av dei dimensjonane vi ser no, frå personsøkjarangrepet, presisjonsdrap på leiarar og no regelrett massebombing.
Det er sjølvsagt heilt rett som du skriv at dei har skote rakettar, som ei slags “støtte” til Hamas; mellom anna den som trefte ei drusisk fotballbane.
Støtta har vore å oppretthalda ein vedvarande
trussel om kraftig eskalering, og binda opp IDF mot å konsentrera seg fullt ut om Vestbreidda.
Dimensjonane på dette angrepet no er eigna til to ting: anten framprovosera eit tungt motangrep på ein heilt annan skala eller alvorleg svekkja heile ekvilibriumet i Libanon.
At Israel gjev fullstendig blanke i sivile tap, og konsekvent har likvidert det dei kan av leiing i Hizbollah og Hamas (altså, alle dei kunne forhandla med), viser at ein slags fred er himla langt unna. Dersom metodane Israel bruker skal vera målestokk, er det knapt grenser for kva motpartane kan tillata seg i framtida.