Takk! Nesten så ein vert litt varm i kinna!
På nittitalet var eg så heldig å oppleve konsertar med mellom anna
Bendik Hofseth og
Jonas Fjeld på studentkroa i Volda. Fleire av bandmedlemmane gjekk att.
Paolo Vinaccia og
Audun Erlien var mellom dei om eg hugsar rett.
Kjøpte
Texas Jensen etter eine konserten. Må innrømme at det først var på det albumet eg «oppdaga»
Ole Paus. Før dette oppfatta eg Paus meir som ein «tulling», mykje i Se og Hør, og satiriske tekstar. Måtte ta ei kraftig korrigering av dette då eg oppdaga at han var tekstforfattar på albumet. Eg var «tullingen» viste det seg. Har etter dette fått eit «nært» forhold til Paus både som tekstforfattar, og særlig som formidlar.
Edit: på sporet
Det Andre Livet spelar
Iver Kleive piano. Enkel framføring, store kjensler. Like gripande kvar gong. For meg i alle fall …