LydKarls lyttekrok - bildetråd

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Eit bilde til..











    Så zooooomer vi ut..












    .. og bekreftar med dette at Stivert lett umiddelbart gjenkjente den eksterne straumforsyninga til dpdacen (skal heller prøve å gjere det litt vanskelegare neste gong).

    Dette er den fyrste utgåva Ernstsen produserte og har betegnelsen DPDAC 800. Året etter, meinar eg det var, kom DPDAC 8.0. Me snakkar her om eit rundt 12-13 år gammalt produkt og denne tråden tek med dette ei vending som muligens høyrer heime i vintage-avdelingen. Ein differanse mellom 800 og 8.0 er visstnok iflg Ernstsen betre komponentar i digitalfilteret på 8.0. Eg vil tippe det er meir som skiller desse to, det er det sikkert andre her på sentralen som kan fortelle meir om. Denne er heilt original, ikkje oppgradert. Kun behandla av forrige eigar med Nordost Eco3 på utsida (hvilket forklarar fettflekkane på venstre side av frontplata på biletet under). Både straumforsyning og dac er ellers meget strøken, i likhet med sonyen. DP Blå hjelper til med å transportere digitalsignalet frå sonyen og inn i dacen.

    Utgangspunktet mitt har vore å finne ei for meg betalbar digitalkjelde som ikkje skal tape seg for mykje i verdi. Hifi- og husholdningsbudsjettet går hånd i hånd i heimen og midlar til førstnevnte forsøker eg å bruka med omhu, sjølv om ikkje dette alltid er så lett å gjennomføre i praksis. Eg har innbilt meg at ein separat cd-spelar/drivverk + dac løysing held seg minst like bra i pris som integrert. Derifrå enda eg opp med kriterier for cd-spelar/drivverk og dac der det eg måtte velge å bruke som drivverk først og fremst skulle tålelig solid med god brukarvenlegheit (enkel betjening, tydeleg display) då resten av familyen også kjem til å bruke denne. Ønske om eigenskapar i dac var at denne skulle vere fullbalansert mtp seinare oppgradering og langsiktig planlegging mot gjennomgåande balansert signalveg, matche bra med resten av komponentane, vere rimeleg nøytral, men samtidig meir enn gjerne tilføre oppsettet litt dynamikk og liv, og gje meg lysta tilbake til å spela cd´ar, noko som er lenge sidan eg gjorde sist. Til sist har eg eit ørlite men sjølvsagt heilt urealistisk håp om at dacen legg ein liten dempar på kjøpetrangen etter nye og for meg kostbare dingsar i aller nærmaste framtid og heller setja pris på det ein har (har aldri funka før, vil neppe funke no heller). Om eg har klart å oppnå eitt eller fleire av desse måla vil tida vise.

    Samtidig er det sjølvsagt tillatt å leike seg litt med rimelege og fornuftige tweaks (har fått litt tips frå tidlegare DPDAC 800 og seinare 8.0 - eigar Petter Dale jr her, som forøvrig meinar at det sjølv i dag, 12-13 år etter dette produktet vart lansert, ikkje finst betre bruktkjøp til den prisen eg har betalt, subjektivt sjølvsagt dette). Vil ellers sjå etter balanserte analoge signalkablar frå dac for å kunne bruke bypassed-utgangen etterkvart (og dermed rauk planane om kjøpeavholdenhet, som varte ca 15 sekundar). Oppgradering av dacen er ellers óg ein mulighet (ønske om mangel på kjøpetrang er dermed i grunnen brutt igjen, 2 sekundar etter fyrste glipp), men det får bli noko fram i tid. Det hadde vore veldig artig å teste min mot den nyare 8.0 om muligheten byr seg ein dag.

    I kveld blir det kun lytting i kroken, før eg reiser heim til Vestlandet (hvilket forklarar det vanskelege skriftspråket mitt) ein tur i helga (snakk om dårleg timing!). Til veka blir det tilpasning av dac mot drivverk og forforsterkar og forhåpentligvis mange og lange anledningar til å sitte og lytte og lytte og lytte.

    Til sist må eg, etter å ha hatt dpdac som ein fjern og urealistisk draum i fleire år, innrømma at eg nok vart litt blank i auga mens eg drog fram eit breidt smil når eg og StereoJoe tidlegare i dag pakka ut og kobla til denne gamle saken av ein da-converter.










    Oversiktsbilde ventar eg med å knipsa til i kveld. Gratulasjonar er på sin plass.


    Mvh. Karl
     

    JanR

    Rubinmedlem
    Ble medlem
    26.01.2006
    Innlegg
    32.162
    Antall liker
    1.530
    Sted
    Sarpsborg
    *bøyer seg i støvet*

    Gratulerer med "ny" hardware :)

    /jan
     

    pks

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    14.10.2006
    Innlegg
    3.449
    Antall liker
    3
    Gratulere med ny dings! ;D
    Håper CD-gløden kommer tilbake til deg!

    PK
     

    StereoJoe

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    25.11.2004
    Innlegg
    651
    Antall liker
    2
    Takk for sist i "lunchen", ja. Jo dette var virkelig et meget langt skritt i retning dynamikk, stramhet og oversikt. Forventningene pekte på dette, men jeg ble overrasket over hvor mye av en oppgradering denne DACen representerer - artig! Vi fikk ikke lyttet så mye, så flere tilbakemeldinger får komme senere. Helt OK at du reiser bort denne helgen, den kan få selskap i racket hjemme hos meg 8)

    Rock on.
     
    O

    om.s

    Gjest
    Flott bilde serie, og ett lysende exempel på at det nyeste ikke alltid er "best", skal bli interresant å lese om dine inntrykk underveis, grattis med "nytt"....

    mvh
     

    BangBang

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    25.03.2005
    Innlegg
    7.282
    Antall liker
    4.909
    Sted
    Okka by
    Torget vurderinger
    7
    Steike!

    Gratulerer så mye.
    Venter spent på lytteinntrykk :)
     

    thomand

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    07.03.2006
    Innlegg
    4.634
    Antall liker
    1.149
    Torget vurderinger
    7
    Gratulerer så mye.
    Gleder meg til videre inntrykk jeg også.
    :)
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Eg lova dykk oversiktsbilde i kveld. Slik ser det ut i kroken min i dag:




    Fire norske..







    Går litt lenger ifrå..







    Oppsettet i dagslys. Regnet piska på vindauget då eg kobla opp. I could not care less..







    @ night..







    Mvh. Karl
     
    R

    Rojoh

    Gjest
    Flotte bilder og en meget hyggelig tråd. Alltid moro når en tar seg tid til å skrive litt utfyllende om tanker og opplevelser rundt denne hobbyen. :)

    Mvh. Johan
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Takk, takk, Rojoh. Hyggeleg med tilbakemelding. Det gler meg å registrera at det etterkvart er ganske mange andre HFSar som også legg ut bildetrådar, sjølv om her riktignok til tider blir vel mykje tekst og litt mindre bilder.

    Hadde i kveld besøk av ein kamerat av meg som tok med voltmeteret sitt. Det vart spelt litt musikk før me spretta topplokket på dpdacen - det var tid for justering av VCXO for at drivverket skulle spele saman med dacen.





    Fann så fram til den justerbare VCXOen på printet og kobla til voltmeteret ihht instruksjonsheftet.





    Den målte 3,1 V DC før justering. Sette så CT201 til 2,5 V DC.





    Har fått tips frå Petter Dale jr om å skifte ut opampane til nye frå Elfa, hvilket kun er snakk om eit par hundre hundrelappar. Opampane ser slik ut (den svarte firkanten i midten av bildet):





    Vart heldigvis litt tid til lytting óg, inklusive test m/u 180 graders fasevending med StereoJoe som kom litt seinare på kvelden. Noko lytteinntrykk får de likevel ikkje enno, synest det er for tidleg å seie noko bestemt enno så de får halda dykk på pinebenken litt til. Mhp fasevending må eg innrømma at det var vanskeleg å registrera noko lydmessig endring overhodet, sjølv om me var innbilte oss ei lita men likevel mulig endring til det betre ved å snu fasen på eit par låtar frå albumet Dire Straits - Brothers in Arms. Eg kan derimot ikkje registrere noko lydmessig forskjell etter justering av VCXO. Gjorde ingen A-B test på sistnevnte, hvilket me gjorde då me snudde fasen.

    Mvh. Karl
     

    Fosse

    Æresmedlem
    Ble medlem
    19.08.2003
    Innlegg
    11.476
    Antall liker
    26.735
    Torget vurderinger
    24
    Flott produkt LydKarl, gratulerer.

    Ellers synes jeg det er befriende når noen innrømmer at de ikke hører forskjell! Sånt respekterer jeg. Håper du får tid til å nyte litt musikk i dagene som kommer.
     
    K

    kbwh

    Gjest
    De opampene er (hvis jeg ikke husker helt i skodda) dobbelutgaven av OPA604 som jeg har i Tandberg-RIAAen min. Fine saker.
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Flott produkt LydKarl, gratulerer.

    Ellers synes jeg det er befriende når noen innrømmer at de ikke hører forskjell! Sånt respekterer jeg.
    Pulsen var høg og svetta rann nedover ryggen då eg skreiv dette ;) Enkelte ting er dog kjekt å dille med trass i mangel på oppfatta endring i lydbildet. Berre det å vite at det teknisk fungerar godt (uansett om det kun er snakk om småting og finjusteringar) er ein god følelse, f.eks dette med tilpasning mot frekvens frå drivverket.

    Mvh. Karl
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    De opampene er (hvis jeg ikke husker helt i skodda) dobbelutgaven av OPA604 som jeg har i Tandberg-RIAAen min. Fine saker.
    Ok. Dei originale er nok byta ut til fordel for desse, då Petter Dale jr opplyser at dei originale er frå Analog Devices har typebetegnelse beståande av AD + 3 tall.

    Mvh. Karl
     

    fhe

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    01.11.2006
    Innlegg
    110
    Antall liker
    2
    Hei Karl,

    Grattis med investeringene! Endelig kan du kvitte deg med LP-åket! ;D

    Det blir vel ikke lett å få dradd deg ut på en RME ADI2- og Bryston-test nå, tenker jeg?

    mvh/
    Finn
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Hei Karl,

    Grattis med investeringene! Endelig kan du kvitte deg med LP-åket! ;D

    Det blir vel ikke lett å få dradd deg ut på en RME ADI2- og Bryston-test nå, tenker jeg?

    mvh/
    Finn
    Takk, takk, Finn :)

    I utg.pkt har tanken i forkant av investeringa vore å få ei digitalkjelde som eit godt supplement til vinyl. Så vil tida vise om digitalt eller analogt vil snurre mest. Pr dags dato inneheld nok vinylsamlinga med bra margin fleire kvalitetsalbum enn cd-samlinga. Eg ser dermimot ikkje bort i frå at cd-samlinga vil vekse noko ila framtid. Første ut etter investeringa er forøvrig Sara K. & Chris Jones - In Concert, frå Stockfisch Records. Forøvrig er inntrykket mitt at desse to riggane sit på kvar sine kvalitetar på ulike felt og eg føler meg privilegert som har mulighet til å veksle mellom desse.

    Eg er særdeles klar for RME ADI2 og Bryston ! I kveld passar det ikkje, men mail gjerne ein dato så ser me kva me får til. RME ADI2 virkar ut frå div skriverier rundtforbi meget lovande. Bryston er lekkert som få!

    Mvh. Karl
     

    O.J.B

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    10.11.2004
    Innlegg
    837
    Antall liker
    2
    Kjempeherlig tråd Karl, masse flott lesning, og et meget flott anlegg, har min egen tråd, men denne er nok den beste bildetråden på forumet, takk skal du ha!

    MVH
    Ole Borgenvik.
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Kjempeherlig tråd Karl, masse flott lesning, og et meget flott anlegg, har min egen tråd, men denne er nok den beste bildetråden på forumet, takk skal du ha!

    MVH
    Ole Borgenvik.
    Hei, Ole :D

    Kjekt å høyra at du likar tråden min. Inspirasjonskjelda var nok RoDa som starta ein kjempeflott bildetråd frå eige oppsett med bilder eg sjeldan ser makan til her på sentralen. Eg følger jevnleg spent med på din, som også må seiast å vere mycket triveleg og interessant å følga. Veldig gøy å sjå korleis andre har det i heimen. Med fare for at me begynner å lovprise kvarandre her; du har ein flott tråd sjølv som vitnar om eit meget gjennomarbeida oppsett. Smart å legge linken til tråden din i signaturen, både mhp andre som med eit musetrykk kan få utfyllande info om oppsettet ditt, samt deg sjølv når du skal lage nye innlegg. Har vurdert å gjere dette sjølv.

    Og forresten; du har skjønt det - KISS; Keep It Simple Stupid! Flotte saker du har ståande hjå deg altså!

    Vil ellers samtidig også takke dykk andre som gidd å følge med på tråden min, sjølv om det ikkje alltid skjer så mykje på oppgraderingsfronten. Til tider vil det nok stå litt stille her. Andre gongar er det litt meir fres. Ila eit par vekers tid tenker eg å legge ut litt utfyllande lytteinntrykk; i fyrste omgang på dacen, i neste; doxaen, som har fått ei tilsynelatande vesentleg justering. All good things to those who wait :D

    Mvh. Karl
     

    Springbank

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    11.09.2003
    Innlegg
    132
    Antall liker
    3
    Har fått tips frå Petter Dale jr om å skifte ut opampane til nye frå Elfa, hvilket kun er snakk om eit par hundre hundrelappar.
    "Kun"? Synes tjue tusen kroner er ganske mye penger, jeg ;)
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Hei


    DPDAC og Doxa 70 Signature MkII kom hhv inn og tilbake i heimen på same tid og det er derfor vanskeleg å gje desse separat kritikk. Eg og StereoJoe fekk kun lytta såvidt til Doxaen på vinyl kvelden før DPDACen kom. Endringane i lydkarakteren på denne vesle 70-wattaren er av slik grad at me simpelthen er nødt til å kome tilbake til dette ved seinare anledning. DPDACen har berre såvidt funne seg til rette i kroken min og noko vanvittig utbrodering får vente på seg. Likefullt sit eg att med relativt solide inntrykk frå gårskvelden som eg føler eg kan stå inne for, då eg fekk anledning til å sitte lenge og lytta. Ta likevel hensyn til at det vart seint. Eg har nemleg tidlegare erfart, bl.a ifm blindtesten til Løkken for ei tid tilbake, at lytteegenskapane mine blir sløva når det blir seint og eg blir trøytt. Eg sat ikkje og konsentrerte meg spesielt for å kunne registrere endringar i lydbildet ift tidlegare med vinyl og Doxa før Lauvland tok han inn i varmen og lodda litt på han. Det kunne derimot virke som om full konsing var unødvendig då det virka vanskeleg å ikkje bli forbausa over det eg var vitne til. Spelte hovudsakleg:

    Djabe - Witchi Tai To
    Eagles - Hell Freezes Over
    Kari Bremnes - Norwegian Mood

    Enorm detaljeringsgrad og oppløyst over nesten heile linja, heilt frå der den kontrollerte bassen sluttar heilt nede i kjellaren (derfrå og ned er bassen litt meir boomete, men det er langt nede), lydbildet strekk seg veldig langt ned. Stemma til Bremnes er ikkje lenger litt skrikande når ho når toppane, spes. på spor 4 var det vel at eg merka dette, og det merkast godt. Litt lenger uti Norwegian Mood var ho ved eitt enkelt tilfelle framleis litt skjærande, men det kan eg leve med. Stemmer blir ellers generelt gjengitt med den krafta og safta, autoriteta og råheta dei skal ha med fin fylde tykkjer eg. Ellers er det vanvittig engasjerande å lytta til og frykteleg vanskeleg å lausriva seg frå. Veldig ekte og veldig live. Musikken løsnar/frigjer seg liksom meir frå høgtalarane. Eit stort pluss og litt av det eg håpa ville skje. Differensieringa mellom ulike instrument og stemmer i komplekse verk er meget bra! Alt kjem tilsynelatande til sin rett. Her er det full kontroll og oversikt.

    Til slutt, og dette er kanskje det eg set mest pris på; det er ingen tilsynelatande spesiell lydkarakter frå dacen og ingenting som skil seg ut (stikk seg fram) meir enn anna. Dårleg med imponatoreffektar mao. I starten i går kveld syntest eg, vel, "dette er jo ok". Etterkvart som eg vart sitjande og lytta tok oppsettet meg med storm og heldt meg fast i stolen med stålnevar. Eg hadde bror min, som er trommis, på besøk her ein kveld. Eg spela bl.a. Pink Floyd Live ´80-´81 for han. Iflg han, som har ein bedre virkelighetsreferanse enn meg sjølv, er cymbalar så luftige og kling så langt ut som dei skal, samt at perkusjon forøvrig med sine slag mot trommeskinn er veldig ekte gjengitt og ikkje berre dunk og smell. Kjekt å høyra frå ein som alltid har ei fersk referanse på dette.

    Konklusjonen min er ut frå inntrykka så langt at oppsettet totalt har tatt ei viktig og betydeleg steg i riktig retning. Eg velger å tru at resten av oppsettet har bidratt betydeleg med å få fram kvalitetane i både den nyoverhalte doxaen og dacen. Oppsettet mitt bygger eg opp over temmeleg lang tid med målet om å få gjengitt musikken så usminka og ekte som mogleg. Fyrst siste to åra har eg vorte bevisst på ønsket om å preservere dynamikk då dette utvilsomt er ein betydeleg faktor for å få musikken inn i stova med tilstrekkeleg realisme. Det eg framleis saknar og håpar framtidige oppgraderingar kan bidra med, er litt økt dynamikk (mikrodynamikken er meget bra) og langt meir kontroll heilt nedi kjellaren. Me snakkar her om ein 70-wattar som har i oppdrag å halde i sjakk 4x 12". Det er vel få som vil benekte at dette neppe er optimalt og resultatet er nok framleis eit litt laidback lydbildet, sjølv om dette er forbetra betydeleg no. Likefullt gjer Doxaen ein formidabel jobb forøvrig, men det blir i eit anna og seinare innlegg som nevnt innledningsvis.

    Mao; nei, eg er ikkje i mål enno - og det kjem eg vel aldri til å bli heller tippar eg. Men eg vil tru spesielt dacen, men kanskje også den fintrimma Doxaen, har forskjøve oppgraderingsplanar noko framover i tid. Vel, sett bort frå småtteri som balanserte kablar ut frå dac som eg har nevnt i tidl innlegg og litt småtteri som ikkje kostar skjorta riktignok. Og ja, det var ein fin kveld. Takk for oppmerksomheten.


    Mvh. Karl
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Lauvland-modifisert Doxa 70 Signature MkII


    Hei

    Doxaen min har som sagt fått litt overhaling, og er etter to turar til konstruktøren havna eit lite stykke på veg mot Doxa 72. Den lydmessige endringa er såpass stor at eg følte sterk trang til å undersøke denne litt sære konstruksjonen nærmare. Legger derfor ut litt innsideinformasjon av min Lauvland-modifiserte Doxa 70 Signature MkII. Det er gjort relativt betydeleg inngrep i forsterkaren min som de gjerne ser. Under kabinettet har Doxaen tradisjonelt vore romsleg. No er det enno meir luft under der. Høgre kanal er i praksis meir eller mindre gjennomgåande ny. Kjøleplata bak er fjerna (med enno mindre varmegang som resultat!). Tidlegare hadde dei "større" Doxaene 8 kondensatorar, seinare 4 (som min vart levert med ny). No har den 2. Det er ellers gjort litt justeringar rundtom. PS: ver overberande med etter-bildene, dei er knipsa med mobilen:




    Før:




    Etter:







    Før:




    Etter:









    Før:




    Etter:












    Lydmessig resultat etter oppgradering:
    Doxaen har no spelt godt og vel 100t etter siste besøk hjå KØL. Spelte litt vinyl i går kveld (digitalriggen er såpass forskjellig frå dvd-spelaren eg brukte tidlegare at det med den blir vanskeleg å plassere kreditt til enten dpdacen eller doxaen, som begge kom samtidig i hus). Vel, midbassen er iallefall stramma betydeleg opp, slagverk får heilt klart meir luft/klang/rom. Akustisk gitar høyrest hakket meir realistisk ut, piano er glatt/reint og lettflytande utan å vere det minste påtrengande, overtoneklang er meir naturleg. Veldig bra driv. Sist men ikkje minst; Doxaen er blitt enno meir uanstrengt og gjennomsiktig (sistnevnte er kanskje ikkje så rart når ein ser oppi? ::)). Virkar alt i alt som ein ganske bra match med oppsettet mitt og følest totalt sett som eit viktig steg i riktig retning sjølv om litt gjenstår før eg er heilt der (dit vil eg aldri komme);

    Still:
    Framleis saknar eg litt meir dynamikk og stålkontroll i bassen, sjølv om begge desse punkta er betydeleg forbedra no. Ellers føler eg det meste sit bra no, saknar ikkje noko spesielt utover desse punkta. Lauvland vil gjerne teste Doxa 72 hjå meg, som er meir strømsterk enn Doxaen. Eg er ikkje akkurat overbevist om at denne vil vere rette medisinen på Gradientane, men eg seier sjølvsagt ikkje nei takk til ein liten test. Berre artig det.

    Takk for oppmerksomheten godtfolk.


    Mvh. Karl
     
    R

    Rojoh

    Gjest
    Artig å lese om dine inntrykk. Selv har jeg hatt 70 Signature mk.II og 140 signature samt at jeg har hørt en del på 70B. Av praktiske årsaker har jeg aldri fått sammenlignet, og tiden mellom har gjort det vanskelig å mene noe om den lydmessige utviklingen på disse forsterkerne.

    Man kan sikkert si mye rart om Doxa, men det skal Lauvland ha: Hvis et eller annet skulle skje med forsterkeren, så er det bare å få den ned til Kristiansand, og når den kommer tilbake, så er den som regel oppgradert og tweaket for en beskjeden pengeslant. :) Sånn service er god å ha i bakhånd når man har investert i elektronisk utstyr.

    Siden "Doxa-sounden" også virker å være sånn noenlunde stabil, så blir det gjerne meningsfyllt å bygge opp anlegget rundt en Doxa-forsterker. Hvorvidt du kommer til å få siste rest av dynamikk og kontroll, det tviler jeg vel litt på, selv om mono-kobling sikkert fortsatt lar seg gjøre. Likevel finnes det nok andre forsterkere som vil gi mer slam og stålkontroll i dypbassen. Du får ha lykke til med siste finjustering av anlegget. (Du har jo i alle tilfeller faktisk også mulighet til aktiv deling av Gradientene, men da begynner det jo å koste litt).

    Mvh. Johan
     
    H

    hordasped

    Gjest
    Bare å ta av seg hatten.

    Nydelig oppsett/gjennomføring av dette innlegg.


    Grattis med Gradientene


    Mvh:
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Artig å lese om dine inntrykk. Selv har jeg hatt 70 Signature mk.II og 140 signature samt at jeg har hørt en del på 70B. Av praktiske årsaker har jeg aldri fått sammenlignet, og tiden mellom har gjort det vanskelig å mene noe om den lydmessige utviklingen på disse forsterkerne.
    Hei

    Eg har aldri høyrt 140/70B, har kun fått samanlikna med min tidlegare 70SE MkII og 70 Signature MkII før/etter oppgradering:

    Doxa Signature mkII overtek for Doxa 70SE. Forbetringa er formidabel, spesielt i nedre frekvensområde der kontrollen er mykje betre, sjølv om her er meir å henta. Samstundes er resten av frekvensområdet avlasta som ein følge av at forsterkaren no pustar lettare, og lydbildet er endå meir gjennomsiktig enn før.
    Vidare endringar i lydbildet frå Doxaen etter oppgradering kan du lese om tre innlegg lenger oppe. Differansen før/etter Lauvland-modifisering står ikkje tilbake for den lydmessige differansen mellom 70MkII og signaturversjonen av denne. For Doxa-kjennarar betyr ikkje dette reint lite.

    Siden "Doxa-sounden" også virker å være sånn noenlunde stabil, så blir det gjerne meningsfyllt å bygge opp anlegget rundt en Doxa-forsterker.
    Ja, eg har i grunnen bygd opp anlegget rundt Doxa siste knappe 7 åra. Inntrykket mitt er at Doxa, spesielt ut frå inntrykka frå min siste forsterkar, er veldig gjennomsiktig med god oppløysing og fin klang, dog litt laidback.

    Hvorvidt du kommer til å få siste rest av dynamikk og kontroll, det tviler jeg vel litt på, selv om mono-kobling sikkert fortsatt lar seg gjøre. Likevel finnes det nok andre forsterkere som vil gi mer slam og stålkontroll i dypbassen.
    Eg óg tvilar på at Doxa uansett modell vil få meg heilt i havn mhp dette, men er likevel villig til å gje det ein sjanse. Eg har høyrt både DP 6.4 og Bryston 4B SST og er fullt klar over kva Doxa har å strekke seg etter, spesielt nettopp mhp. dynamikk og kontroll.

    Du får ha lykke til med siste finjustering av anlegget. (Du har jo i alle tilfeller faktisk også mulighet til aktiv deling av Gradientene, men da begynner det jo å koste litt).
    Aktiv deling ja.. Har høyrt min versjon i passiv og aktiv utgåve (2005-modellen kun i aktiv versjon) og er fullt klar over potensialet. Steike for eit potensiale og fy søren for nokre rå høgtalarar (måtte berre seie det, klarte ikkje dy meg). Hyggeleg at du gidd å fylgja tråden, Johan.


    Mvh. Karl
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Bare å ta av seg hatten.

    Nydelig oppsett/gjennomføring av dette innlegg.


    Grattis med Gradientene


                                        Mvh:
    Takk, Hordasped, alltid hyggeleg med tilbakemelding :D Skal dog prøva å få opp kvaliteten på bileta eit hakk vidare i tråden (fruen var nettopp i Vietnam, der var også kameraet, dermed blei det mobilbilder, men eg trur du får eit visst inntrykk av kva som er gjort med forsterkaren likevel).

    Mvh. Karl
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Heisann godtfolk! Tenkte eg kunne gje litt lyd frå meg, det er lenge sidan sist no.


    Grunnen er at det ikkje har vore så mykje forandringar å skrive om på ei stund. Lite har skjedd i go´kroken min etter at DP dacen kom i hus og oppgradert Doxa kunne hentast hjå Lauvland. Vidare er grunnen til dette todelt, minst. Eg må først og fremst innrømme at eg føler eg nærmar meg noko eg kan like her no. Joda, dynamikk, kontroll kunne eg godt tenke meg noko meir av. Saknar også til tider den nærheten til artistar og instrument eg har opplevd i enkelte andre oppsett. Dette er moment eg så langt ikkje har prioritert høgast, og som nok har gått på bekostning av ønsket og målet om mest mulig nøytral/klangriktig gjengivelse, eitt mål eg etter beste evne har prøvd å vera trufast mot over tid.

    Dernest (og sjølvsagt også litt dermed) vil eg ikkje bruka større summar på utstyr akkurat no. Når det er sagt; ved neste økonomiske krumspring på denne fronten blir det ikkje kabelkjøp som står på dagsordenen. Derimot tenker eg, som eg har vore inne på tidlegare i tråden min, å følge anbefalinga i den relativt omfattande manualen til Gradientane (her står det side på side med gode tips om korleis å få maksimalt ut av desse fantastiske høgtalarane, honnør til Jorma Salmi for dette) der det bl.a. er anbefalt å løfta Revolution noko opp frå gulvet. Dette ved hjelp av mørke granittheller som eg tenker å kjøpe på det lokale steinhuggeriet her. Ingen spesielt kostbar affære forsåvidt. Ellers går eg og leikar med tanken på eit nytt rack og ulike løsningar på dette, diy eller ikkje. Derimot vil eg vente med dette då racket sjølvsagt må vere godt tilpassa komponentane. Det er nemleg ein komponent eg ikkje kjenner yttermåla (og evt krav om minsteavstand over/rundt) til enno; arvtakaren til Doxaen. Eg har fleire kandidatar, men eg har god tid og har tenkt å bruke den. No skal eg berre spele nye og gamle plater. Og skal eg vere heilt ærleg er det fremdeles vinyl som gjeld i heimen, sjølv om DP dacen har gjort det attraktivt å spele cdar. Takk for oppmerksomheten, det kjem til å sjå slik ut i kroken min ei stund til (og skal eg vere heilt ærleg har eg lite problem med å takle det):









    Mvh. Karl :)
     
    K

    kbwh

    Gjest
    Jeg har ikke fulgt med på en stund, LydKarl. Plutselig går det opp for meg: Vi har jo samme RIIA!
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Hei, Valentino

    Ja, har registrert at du også har sett lyset og kjøpt deg denne balanserte, justerbare go´saken frå hr Bladelius. Gratulerer! Temmeleg bøst navn; Swedish Audio Technology Phonofix Balancerad grammophonförstärkare, entaktskopplad klass A. Eg kjøpte min frå Fosse for ei tid tilbake. Under eit av dei særdeles trivelege besøka av han med frøken justerte me litt fram og tilbake. Eg ser at eg mhp riaa nok med fordel kunne ha bytta ut min Glider M2 med ein L2 (der er eit gap mellom 47KOhm og ned neste valg, dog med gode justeringsmuligheter for low output pu´s). Likefullt er eg redd eg kunne mista litt av dynamikken med ein L2 (i eit oppsett som ikkje akkurat lir av overskudd på nettopp dette punkt frå før). Dette er riktignok kun antakelsar bygd på kva eg har hørt, då eg aldri har testa L2 vs. M2 hjå meg.

    Kva synest du om SATen, Valentino?

    Mvh. Karl
     
    K

    kbwh

    Gjest
    Jeg skal ikke si mye om lyden men den gjør seg ikke bort sammen med min BPS E3. Jeg kunne tenkt meg lastimpedanser på f.eks 20k, 10k, 5k og 2,5k også, omtrent slik som på impulses CJ, for å kunne leke med med lastmpedanser på både HO og MO MC-pickuper, men men.

    Det som virkelig imponerer meg er byggekvaliteten. Ordentlige komponenter, og regulering etter regulering etter regulering. Slikt blir det stille i bakgrunnen av.
     

    Vermin

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    19.09.2006
    Innlegg
    6.990
    Antall liker
    5.919
    Sted
    Bjerkreim
    Torget vurderinger
    45
    Artig tråd LydKarl....ble nå endel lesing på meg og ikke minst sikling.
    Så ut som et veldig bra oppsett, lite og uttale meg om da jeg så og si er ukjent med det meste i lydkjeden din.
    Tviler ikke et sekund på at det låter fortreffelig
     

    BurntIsland

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    07.02.2006
    Innlegg
    8.891
    Antall liker
    12.830
    Sted
    Trondheim
    Torget vurderinger
    2
    Hei

    Denne tråden er like flott fortsatt! Det gleder meg at du opplever at du nærmer deg målstreken. Nå vet jeg ikke hvordan det er med Doxa, og det andre du har i oppsettet ditt, men utfra egne erfaringer kan det være bryet verdt å prøve ulike strømfiltre og strømkabler. Hos meg opplevde jeg bedre dynamikk, og bedre kontroll på bassen, sannsynligvis et resultat av mindre støy og forvrengning. Jeg tror ikke at anlegget spilte med mer kontroll og dynamikk, det bare føles slik.
    Viktigstr med strøm er det å prøve hjemme! Samme boks gir ulike resultat på ulike kurser, og ulikt utstyr reagerer ulikt. Selv har jeg oppnådd gode resultat med Isotek minisub, bedre resultat med Isotek Sigmas og like godt resultat med Shunyata Hydra (men den var jo steike dyr) Vil teste Nordost Thor og noe fra Poverplant fra PS Audio før jeg velger, men jeg vet at jeg skal ha noe!

    IMHO
    Bernt
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Valentino skrev:
    Jeg skal ikke si mye om lyden men den gjør seg ikke bort sammen med min BPS E3. Jeg kunne tenkt meg lastimpedanser på f.eks 20k, 10k, 5k og 2,5k også, omtrent slik som på impulses CJ, for å kunne leke med med lastmpedanser på både HO og MO MC-pickuper, men men.
    Nøyaktig mitt inntrykk også. Eg ser i etterkant av kjøpet av medium output pickupen min, at eg nok skulle ha holdt meg til planen om å finne ein brukt L2. Derimot kom Hifistasjonen med eit tilbud på ny M2 som eg berre ikkje kunne seie nei til (han hadde ein stk liggande som han berre skulle kvitta seg med, så eg måtte gitt noko meir for ein L2). Eg er nemleg vinylmann, og med OC9 ML/II liggande død i plexi-kista si med Audio Technica logo på, måtte eg ha ny pick-up. Fort.

    Lydmessig er det også for meg vanskeleg å greie ut om, då dette er det fyrste reine riaa-trinnet eg eig. Tidlegare har eg benytta innebygde løsningar i rimelege integrerte forsterkarar. Utifrå lyttegleda og at vinyl, trass i min relativt simple platespelar, fremdeles er medie #1 for meg, kan eg vel sånn halvvegs konkludere med at den neppe gjer mykje feil.

    Det som virkelig imponerer meg er byggekvaliteten. Ordentlige komponenter, og regulering etter regulering etter regulering. Slikt blir det stille i bakgrunnen av.
    Det er heilt sikkert. Micke visste kva han gjorde då han bygde denne saken, det er vel liten tvil om det. Det er som eg høyrer sirkusdirektøren ved introduksjonen til ei nervepirrande oppvisning eg overvar i Stockholm midt på åttitalet ein gong; -Måste jag få be om den största möjliga tyssnad.....
    Og det blir stille. Veldig stille. Før orkesteret velkomment avbryt til rytmane av ein dyktig artist og fyller rommet med liv.

    Mvh. Karl
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Necroth skrev:
    Artig tråd LydKarl....ble nå endel lesing på meg og ikke minst sikling.
    Så ut som et veldig bra oppsett, lite og uttale meg om da jeg så og si er ukjent med det meste i lydkjeden din.
    Tviler ikke et sekund på at det låter fortreffelig
    Takk for hyggeleg tilbakemelding, Necroth, alltid triveleg og inspirerande det. Om det let bra eller ei er nok i større grad betinga den subjektive faktor enn noko anna. Anyhow; sjølv syns eg at eg nærmar meg noko her, og eg har ein viss idé om remediet som skal bringa oppsettet vidare, forhåpentligvis i rett retning, sjølv om realiseringa ligg litt fram i tid.

    Mvh. Karl
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Burnt_Island skrev:
    Hei

    Denne tråden er like flott fortsatt! Det gleder meg at du opplever at du nærmer deg målstreken. Nå vet jeg ikke hvordan det er med Doxa, og det andre du har i oppsettet ditt, men utfra egne erfaringer kan det være bryet verdt å prøve ulike strømfiltre og strømkabler. Hos meg opplevde jeg bedre dynamikk, og bedre kontroll på bassen, sannsynligvis et resultat av mindre støy og forvrengning. Jeg tror ikke at anlegget spilte med mer kontroll og dynamikk, det bare føles slik.
    Viktigstr med strøm er det å prøve hjemme! Samme boks gir ulike resultat på ulike kurser, og ulikt utstyr reagerer ulikt. Selv har jeg oppnådd gode resultat med Isotek minisub, bedre resultat med Isotek Sigmas og like godt resultat med Shunyata Hydra (men den var jo steike dyr) Vil teste Nordost Thor og noe fra Poverplant fra PS Audio før jeg velger, men jeg vet at jeg skal ha noe!

    IMHO
    Bernt
    Hei, Bernt

    Utan å ville tråkke nokon på tærne; det er nesten ekstra interessant med innspel frå andre Revolution-eigarar. Kjekt å høyra at du likar tråden min, sjølv om avstanden mellom bildene er vorte større etterkvart. Er grenser for kor mange kameravinklar dette oppsettet er spennande å sjå frå hehe.

    Strømfilter og -kablar kan vere interessant å teste ut etterkvart. Det blir nok imidlertid tidligst etter oppgradering av forsterkeri, då eg vil tippa graden av mangel på kontroll og dynamikk per dags dato nok overgår kva filter og kablar kan bøte på i mitt tilfelle. Til fintuning av eit ellers veltrimma oppsett trur eg imidlertid bl.a. strømkablar og -filter kan vere veldig interessant. Eg følger spent med på kva du havnar på - flott at du får prøvd litt forskjellig før du landar på eitt bestemt produkt. Av straumkablar har eg liggande noko lmc som eg aktar å terminere etterkvart, blir artig det.

    Mvh. Karl
     
    K

    kbwh

    Gjest
    Kan jeg spørre om du har vært i tanker om å bytte ut den gamle Regaen, LydKarl? Jeg har hatt en slik selv, og WT/SOTA-komboen som har erstattet den er ganske mye bedre.
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Joda, har tenkt tanken, og også satt opp ei liste med ein og anna kandidat, samt såvidt snusa litt innom temaet i denne tråden og som du nok huskar, sjå lenger nede. Regaen skal få bli litt til, men eg ønsker sjølvsagt på sikt å få ei analogkjelde som står meir i stil med resten. Les gjerne underforståande gamle innlegg på temaet:

    LydKarl skrev:
    niels skrev:
    Skal vi være ærlige, og det skal vi, da står vel ikke en Planar 3 i stil med resten. En Basis eller Micro Seiki RX1500 havde gjort sig her !
    Hei

    Stussa litt på at dette spm først dukka opp i innlegg #67 hehe. I eit oppsett som jevnleg blir oppgradert med ein eller få komponentar om gangen vil det alltid vere ein eller fleire komponentar som heng att. Slik er det og dette har nok samtlege brukarar på hfs opplevd. I mitt tilfelle er det mellom anna signalkjelda som heng att; Rega Planar 3. Likevel vil eg vente med dette. Først ønsker eg finna noko å spele sølvplatene mine på, iom at eg manglar dette.
    Oppdatering: Digitalkjelda er altså på plass per i dag. Vidare;

    Deretter følger med stor sannsynlighet pre og/eller effekt. På denne måten burde veien bli lagt for å gje evt ny platespelar bra premisser for å yte best mulig. Regaen stod sånn tåleleg i stil med resten av anlegget fram til for ca to år sidan vil eg påstå. No, etter høgtalar-, forsterkar-, kabel- og ikkje minst pickup-byte, heng den nok relativt langt etter. Likevel er eg imponert over kva den presterar, sjølv om eg sjølvsagt er fullt klar over alternativer som leverer i langt høgare pris- og lyd-klasse. Når det er sagt kan eg nevne at eg har snusa på diverse spelarar som kandidatar når dette ein dag i ukjent framtid skal bytast. Likevel er nok ikkje Micro Seiki aktuell, hovudsakleg pga vanskeleg/dårleg tilgang på delar. Basis er meir intr.
    Forresten - takk for at du gav min gamle Rega rosande ord etter innlegget over (eg viser altså til innlegg #68) då du fremdeles også hadde denne budsjettspelaren hehe. Vel, vel. Langt fram i tid eller ikkje; eg har litt sansen for din relativt nyervervede stilige vinylkombo, Valentino. Kan du seie noko om overgangen frå Rega Planar 3 til WT/SOTA?

    Mvh. Karl
     
    K

    kbwh

    Gjest
    Jeg skrev i tråden min noe om at det var som å gå fra sort-hvit til fargeTV.
    Enkelte ting tror man ikke før man hører det.
    (Men jeg må visst få meg en annen platestrammer. Det tar ikke slutt dette her...)
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Skjønner ut frå den beskrivelsen at det var litt overgang frå regaen ja, og eg ser heilt klart fram til den dagen eg får anledning til å teste ut andre platesnurrarar i heimen, spesielt iom at det som nevnt tidlegare nettopp er platespelaren som blir brukt mest hjå meg.

    Veldig interessant å følge med på tråden din forresten, Valentino.

    Mvh. Karl
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Vel, regaen kan nok med fordel bytast ut etterkvart, men det er ikkje berre undertegnede som veit å sette pris på den. I dag sat nemleg eg og lytta til The Moody Blues - every good boy deserves favour då vesla (2) hoppa opp i lyttesofaen (det er ikkje unormalt at ho sit saman med meg og lyttar, veldig veldig triveleg). Begge sit og nyt klassikeren i fulle åndedrag, smiler og trampar takta, heilt til me er ved veis ende på plata og det blir ganske stille. Allerede før Glidern rekk å entre innerste rilla bryt ei begeistra jentestemme stillheten; -Mer!!

    8)
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn