LydKarls lyttekrok - bildetråd

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Takk det same, Nec :D

    Syns tråden din er fyllt med delikate bilder og interessant lesning med hyggeleg stemning. Ikkje vanskeleg å like slikt. Gratulerer med CDT-Two forresten - lekkert er eit heilt sentralt stikkord her!!

    Mvh. Karl
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    thomand skrev:
    Necroth skrev:
    Virkelig lekre bilder, smukkt
    Støttes. Ser virkelig innbydende ut.
    Skal du på messa lydkarl?
    Takk for det Thomand!! Klart eg skal på messa - blir nok ein gang artig å sjå att andre medpasientar ;D
     
    H

    hordasped

    Gjest
    Hei

    En fryd å følge denne tråden.

    Helt klart noe av det bedre ang. tråder på lange tider.

    Stå på Karl,det er rett og slett en fryd å være tilstede her,samtidig å være innehaver av samme høyttaler

    KANON BILDER :)


    Mvh:John
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Hei John

    Takk for hyggelege ord - alltid hyggeleg med tilbakemelding :)

    Og vel, samme og samme høgtalarar hehe. Tilleggsbeskrivelsen Active inneber eit temmeleg rått lydmessig sprang opp frå passiv. Oppsettet ditt er berre så griselekkert no at eg stadig må innom for å ta ein titt på tråden din. Himmel og hav, John, dette må berre spela noko heilt vanvittig!! Veldig triveleg å følge tråden din også :D

    Har forresten fått henvendelsar frå ulike hfs´arar med etterlysning av oversiktsbilder. Det er ikkje det at eg ikkje har gidda å knipse, langt i frå. Har stått bak vårt Samsung Digimax i5 surra med strikk til stativ (nei, det er faktisk ikkje stativfeste på dette kameraet, heilt utruleg) fleire kveldar no med dårleg resultat. Dette vesle knøttet av eit kompaktkamera innehar, som så mange andre kompaktkameraer, ei linse som er veldig lyssvak. Har derfor prøvd litt i dag i dagslys. Problemet er ved dagslys at det slepp litt mykje lys gjennom vindaugene bak dei tynne gardinene. Håpar derfor at de kan bære over med to oversiktsbilder i kompromissformat.

    Mvh. Karl
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Stig gjerne inn, kaffien er varm.







    Ved kritisk lytting står ikkje sofagruppa slik. Likefullt set eg det lydmessige løftet mot gamlekroken høgare enn å kunne ha ein dedikert lyttekrok akkurat no. Eg er småbarnsfar og har ikkje flust av tid til å trekke meg tilbake og lytte konsentrert til musikk. Dette er dessutan heller ikkje ønskeleg, då eg er opptatt av at resten av familien skal få glede av musikken. Og med denne plasseringa får heile familien nettopp hørt meir musikk, då det er i dette rommet me stort sett oppheld oss. Musikken bærer også godt rundt i hovedetasjen som med unntak av to små rom meir eller mindre består eitt enkelt areal.

    Mvh. Karl
     

    kjoenik

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.09.2005
    Innlegg
    4.366
    Antall liker
    2.848
    Torget vurderinger
    4
    Du har nok eldre barn Lydkarl...
    Med to små barn blir enhver form for lyd fra stereoanlegget nok en støykilde ;)
    Du får virkelig frem kosen med disse bildene. Kan jo nærmest høre at det knitrer i peisen ;D
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Takk for hyggelege ord, xerxes og kjoenik!!


    Når utlegga til denne kostbare hobbyen gjer sine inngrep familieøkonomien er det på sin plass at alle som bidrar får nyte av fruktene :)

    Barna mine er nok ikkje så gamle, kjoenik, to musikkglade venner på drøye to og fire år. Desse to sit ofte i kvar sin vesle plastlyttestol (stolane er så små at sjølv stolryggen ikkje viser på oversiktsbildet) og lyttar til musikk. Der blir dei gjerne sittande ei stund. Dvs, med mindre dei hoppar og dansar til musikken då. Har nokre barneplater av bra kvalitet både mhp opptak, musikk og tekstar som dei likar å høyre på. Dette er reine terapien for gjeldsarvingane når dei kjem heim etter nok ein stri arbeidsdag i barnehagen. Det sømmer seg i denne sammenheng å minne på flg;

    LydKarl skrev:
    Vel, regaen kan nok med fordel bytast ut etterkvart, men det er ikkje berre undertegnede som veit å sette pris på den. I dag sat nemleg eg og lytta til The Moody Blues - every good boy deserves favour då vesla (2) hoppa opp i lyttesofaen (det er ikkje unormalt at ho sit saman med meg og lyttar, veldig veldig triveleg). Begge sit og nyt klassikeren i fulle åndedrag, smiler og trampar takta, heilt til me er ved veis ende på plata og det blir ganske stille. Allerede før Glidern rekk å entre innerste rilla bryt ei begeistra jentestemme stillheten; -Mer!!

    8)
    Minnast også at eldstemann kommenterte ein ny boks han plutseleg oppdaga i racket (var vel dpdacen som nettopp hadde gjort sitt inntog om eg ikkje tek heilt feil), der han spurde om noko slikt som;

    -pappa?
    -ja, gutten min?
    [han peiker på dacen og spør] -er den ny?
    -ja, er den ikkje fin?
    -jaa... [sender eit langt blikk og beundrar den nye boksen]
    [pappa: 8)]


    Men for all del, du har eit poeng også - det er ikkje lenger nødvendig å hive på ei plate for å bryte stillheten i heimen nei ;) Og apropos knitring - stod faktisk og tenkte tanken at dette motivet skulle søren meg heller ha vore filma og på den måten fått ein litt større smakebit av totalstemninga akkompagnert av stille peisknitring og Dave Brubeck Quartet frå ´64.

    PS kjoenik: følger med tråden din; du har eit utruleg smakfullt oppsett og stilig rom. Nydelege bilder (aldri feil) !!


    Mvh. Karl
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Bør vel legge til oversiktsbilde #2 i kompromissformat som eg har lova.









    Er ikkje noko nytt her i grunnen, kjem kun litt tettare innpå ift forrige bilde. Som eg har vore inne på tidlegare er eg ikkje heilt i havn (det blir eg sjølvsagt aldri) med plasseringa av elektronikken. I fyrste omgang er det rett og slett for trangt, radioen har eg ikkje plass til her og platespelaren må stå på peishylla. Eg er temmeleg sikker på at enkelte vil vera ueinige med meg her som meinar plasseringa slik den er no slett ikkje er dum, men sjølv føler eg faktisk at det blir for rotete, både visuelt og praktisk sett. Løysinga får me heller komme tilbake til, det er kun på forsøksstadiet enno. Ting kjem til å skje ila vinteren.

    Time vil sjå.

    Mvh. Karl
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Hei

    Går mykje i vinyl for tida. Var og henta eit lite knippe brukt i mint condition hjå Espen @ No 9 i går, kjekt det.









    Her er Benz Glider i fokus. Ila vinteren er sjansen stor for at fokus blir flytta lenger bak i dette siste bildet, lenger bak enn monitorane til Revolution som her skygger litt for utsikten.









    Ellers vil eg takke alle som har fulgt tråden min så langt - morro å dele egne opplevelsar rundt musikkopplevelsar med dykk. Så får de heller bære over med at det ikkje stadig detter inn nytt utstyr. Fokuset mitt er nok på plater, så får heller utstyret komme i andre rekke :)

    Mvh. Karl
     
    K

    Konrad_Johnsen

    Gjest
    Herre Jemini for bilder Karl!!

    Morro å følge tråden din :)

    Mvh
    Rolf
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Hei

    Hyggeleg at tråden fell i smak, prøver stadig å øke andelen bilder og heller skrive mindre. Bilder er jo som kjent langt morsommare :) Har såvidt begynt søken etter nytt kamera, fortrinnsvis digital speilrefleks, for bl.a å få meir lyssterk linse, samt muligheten for fullmanuell innstilling av fleire parametre.

    Har såvidt begynt å snuse på planar for hifi´n for vinteren. Det kan sjå ut som at det blir utan ledning denne gangen. Kronasjene går til plater og plater only for tida, spent på kor mykje som blir att til utstyr ;)

    Mvh. Karl
     

    O.J.B

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    10.11.2004
    Innlegg
    837
    Antall liker
    2
    Fantastisk Karl, morro å se slike nydelige bilder av et nydelig anlegg, pøs på med fler bilder og kommentarer, ser herlig ut dette, kos deg med musikken!

    MVH
    Ole
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Hei, Ole, takk for hyggelege ord :)

    Eg har ikkje fleire nye bilder liggande. Kunne alltids ha dratt fram igjen litt gammalt hvis det er av interesse.

    Dum som eg var, knipsa eg ikkje bilder av gamleoppsettet med Eltek Exact og DIY basseksjonar. Var spesielt fornøyd med Exactane i grunnen, men det burde eg kanskje også vere mtp at eg brukte tre mnd på å bygge dei (bygginga gjekk litt parallellt med snekringa av eit gulvståande hjørneskap, så det tok tid ja). Basseksjonane følte eg aldri vart skikkeleg integrert med monitorane. Køyrer jo forsåvidt fremdeles ei løysing med separat monitor + basseksjon, eit fantastisk system eg i grunnen blir meir og meir glad i for kvar gang eg setter på ei plate. Dei fortener definitivt eit stødigare effekttrinn, men eg klarar nok å holde ut med Doxaen litt til. Med unntak av mangel på tilstrekkeleg med krefter for å stanse 4x 12" synes eg den gjer ein (til prisen) bra jobb :)

    Mvh. Karl
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Second opinion på Doxaen:


    At denne er underdimensjonert ift ht har eg brutalt fått demonstrert no etter eg flytta oppsettet til anna del av stova:

    Her får ikkje basseksjonane "hjelp" av side- eller bakveggar. Relativt fritt plassert dipol med for lite strøm er ikkje akkurat optimalt. Mangelen på kontroll, sjølvsagt spesielt ved litt gasspådrag, er meget tydeleg. Resultatet er ein litt svulmete bass som går på bekostning av gjennomsiktighet og oppløysing. Eg har hatt mistanke om dette tidlegare, men det er først no ved ny plassering at det blir veldig tydelig.

    StereoJoe var oppom her ein kveld og kunne fortelle at det f.eks. var vanskeleg å følge bassisten på Kari Bremnes´ Live. Eg drog på litt i dag for å teste. "SheiBe, dette smakar graut", var min konklusjon. Det var alt anna enn lett å følge strengeanslaga til bassisten. Bassisten druknar i svulmande pompøs overfyldig bass. Dette er også tilfellet på f.eks. Peter Gabriels Secret World Live. Denne bassganga framstår derimot klart og tydeleg via eit clas ohlson headset (179,- er vel prisen) på jobb. Nei nei nei :-[

    Det skulle berre mangle, vil nok dei fleste konkludere med, at Revolution er ei for stor oppgåve for denne vesle Doxaen. Og ja, de har sjølvsagt rett; det skulle berre mangle. Men; denne låg innanfor budsjettet når effekttrinn sist vart handla, skulle eg hatt noko meir strømsterkt til denne prisen hadde det nok gått på bekostning av, for meg, viktigare parametre, f.eks. oppløsning forøvrig. Eg innbiller meg at Doxa 70 Signature byr på mykje golyd til prisen.

    Med 6.4´en til StereoJoe var situasjonen ein heilt annan; her var det stålkontroll nedover med svært god oppløsning. Heile lydbildet framstår faktisk som meget bra oppløyst (sjølv om ikkje det når heilt opp til dei øvre frekvensar på Euforiane til StereoJoe), homogent med svart bakgrunn med DPen oppkobla.

    Fram til i dag har eg hatt innstillinga "joda, nytt sluttrinn hadde vore morsomt det, men eg kan ha det morro lenge med Doxaen enno, nesten så eg kunne ha levd med denne lenge lenge". Spesielt etter oppgraderinga eit stykke mot 72, som innebar eit stort kvalitetsløft. Dette har eg tenkt fram til i dag. No more. No får eg heller slite med oppgraderingssymptomene ei stund framover, det blir nemleg ikkje handla noko enno. Men når den dagen kjem blir det noko meir strømsterkt ja 8) All good things to those who wait.

    Som Diana Ross seier; "I want muscles!"


    Mvh. Karl
     

    Vermin

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    19.09.2006
    Innlegg
    6.990
    Antall liker
    5.919
    Sted
    Bjerkreim
    Torget vurderinger
    45
    Kjekt og høre erfaringene dine Karl, her i denne tråden-er det alltid kos og være :)
     

    BangBang

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    25.03.2005
    Innlegg
    7.282
    Antall liker
    4.910
    Sted
    Okka by
    Torget vurderinger
    7
    Synd å høre dette da!
    Men det er artig at du poster dine egne opplevelser, slik at vi "Revolusjonære" kan få litt inputs i fra andre Gradient eiere.
    Doxa er jo en utrolig bra konstruksjon, men Gradientene trenger nok en del krefter når 4 x 12" er i fri bevegelse.
    Blir spennende å følge med på hva som blir løsningen din. Det har jo lagt mye snadder ute på bruktbørsen i det siste ;)
    Jeg for min del spiller jo på en rør konstruksjon fra Tim de Paravicini (EAR 890). Den leverer 2 x 70W i klasse A.
    Jeg skal også over i et større rom etterhvert, så det blir spennende å se hva som skjer.
    Det er mulig jeg tenker i retning biamping, men det får tiden og lommeboka vise ;)

    Uansett så må du ha lykke til med dine "nevroser" ;)

    Kunne godt tenke meg å lytte til oppsettet ditt ved en passende anledning!!
     

    tkr

    Æresmedlem
    Ble medlem
    27.03.2007
    Innlegg
    21.108
    Antall liker
    30.190
    Sted
    Nede i fjæresteinene
    Torget vurderinger
    2
    Come to think of it, har jo hørt gradientene hos ACTIVE. En kan vel trygt si at han har en del mer watt enn det du har til disp. Ca. 2 x 600, tror jeg.
    Ingen manko på basskontroll der i gården, nei.
    mvh
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Necroth skrev:
    Kjekt og høre erfaringene dine Karl, her i denne tråden-er det alltid kos og være :)
    Takk i like så, Nec (dog er det hakket meir kos i virkeligheten med lyd enn kun bilder uten lyd ;D)

    Kroken din begynner forresten for alvor å ta av mot uante høyder no, veldig morro å følge med altså, tippar det smakar godt med hødn og rør :) Hugh-end indeed!! Og godt er det at du dristar deg til å knipse i veg med masse grombilder sjøl om du også må slite med eit lite kompaktkamera.

    Mvh. Karl
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    FallenA skrev:
    Synd å høre dette da!
    Men det er artig at du poster dine egne opplevelser, slik at vi "Revolusjonære" kan få litt inputs i fra andre Gradient eiere.
    Doxa er jo en utrolig bra konstruksjon, men Gradientene trenger nok en del krefter når 4 x 12" er i fri bevegelse.
    Blir spennende å følge med på hva som blir løsningen din. Det har jo lagt mye snadder ute på bruktbørsen i det siste ;)
    Jeg for min del spiller jo på en rør konstruksjon fra Tim de Paravicini (EAR 890). Den leverer 2 x 70W i klasse A.
    Jeg skal også over i et større rom etterhvert, så det blir spennende å se hva som skjer.
    Det er mulig jeg tenker i retning biamping, men det får tiden og lommeboka vise ;)

    Uansett så må du ha lykke til med dine "nevroser" ;)

    Kunne godt tenke meg å lytte til oppsettet ditt ved en passende anledning!!
    Det er nettopp derfor eg starta denne tråden, for å dele mine erfaringar med andre. Litt som ei hifi-dagbok i grunnen. At 70 transistorwatt er lite på Revolution har eg alltid visst, har likevel ikkje fått det så brutalt avslørt som no. Ingen go´følelse det der nei.. På Eltek Exact høgtalarane mine gjorde derimot Doxa underverker, trass i at desse var tungdrevne. Blir ein litt anna jobb å holde 2x6,5" i sjakk enn 4x12"..

    Har også sett mykje go´saker på brukten i det siste (er stadig innom og tar ein titt vettu) men det blir ikkje handel no. Brukar pengane på musikk no, utstyret får heller komme som eit nødvendig onde seinare. Music first!! Ser du køyrer kraftig rørforsterkeri på dine, blir spennande å sjå om du går for biamping. Hadde forresten vore veldig artig å hørt dette usedvanlig flotte oppsettet ved ei passande anledning.

    Og du - du er selvfølgelig gjest i mitt hus. Gi ein lyd ti minuttar før du er her så står kaffien klar også :D

    Mvh. Karl
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    tkr skrev:
    Come to think of it, har jo hørt gradientene hos ACTIVE. En kan vel trygt si at han har en del mer watt enn det du har til disp. Ca. 2 x 600, tror jeg.
    Ingen manko på basskontroll der i gården, nei.
    mvh
    Er så heldig å ha ståande invitasjon til John. Lurte på å stikke opp til helga, men det blir ikkje noko av enno. Må nok ha det til gode til neste gang eg besøker gamle heimbygda (forøvrig ingen dum ting å ha til gode dette her ;D).

    2 stk Bryston byr på drøye 600W @ 8 Ohm ja. -Og ikkje nok med det, for å sitere Valen aka Flo. Desse to beista har kun kvar sine to 12" å konsentrere seg om. Så, mens hans 2x600W kun skal stoppe basselementa, skal mine usle 2x70 transistorwatt temme the whole shabang. Nyanseforskjellar? I think not. Vil tippe at der bassgjengivelsen hjå John er kontant som rekylen frå rifla på rypejakta, vil dette opplevast meir som ein klem hjå meg. Joda, det spelar behageleg hjå meg, men kontant er det ikkje.

    Har snusa litt på Bryston, men det kan sjå ut som at eg (tradisjonen tru) må utvide budsjettet litt for å få tak på noko av nyare årgang her. Fekk tips frå ein kar her på sentralen om eit udyr av litt eldre årgang med tilsvarande tal som Johns værstingmonoblokker. Blir aldeles mo i knærne av å lese gjennom spec´en på desse flotte sakene frå Canada. Kjem som tidl nevnt til å handle ein dag, får sjå kva som skjer ila neste året (ting går litt seint her, de får heller bære over med akkurat det).

    Mvh. Karl
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Vel, om eg ikkje har planar om å investere just yet kan eg i det minste slenge ut ei kort bildeoppsummering for siste tre åra.

    Kan begynne med 2004 og nytt hus og lyttekrok. Her tar også to finske damer tar over for Eltek Exact kledd i finér av nøttetre og mahogny bistrotlakk:









    Litt tomt i starten..









    Signature overtar for SE:









    2005 - AT OC9 ML/II overtar for Rega Elys:









    2006 - Benz Glider overtar for AT OC9 ML/II. Fuhrs vinkassar får komme inn i varmen:









    2007:









    Me trekk oss litt unna gamlekroken..









    Og vrir kamera mot høgre og nye lyttekroken..









    Mvh. Karl :)
     

    devilEj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    10.02.2006
    Innlegg
    124
    Antall liker
    0
    Her var det mye spennende lesing. Jeg skal hente mine nye Revelution 05 i morgen og har skummet tråden din den siste timen. Etter å ha lest dette blir jeg litt spent på hvor langt min Rogue Stereo90 strekker på Gradient. Legger ved et bilde av lytterommet hvor de skal inn :)
     

    Vedlegg

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Gratulerer og velkommen i gjengen DevilEj :D

    Har vore inne og sett litt på sida di på avforum - lekkert lytterom du har der altså, kanskje spesielt etter de snudde innredningen og bytta til lysare tapet. Veldig flotte komponentar, spent på korleis dette vil spele med Revolution. Rogue 90 er ein flott sak altså, i likhet med dine øvrige komponentar (har veldig sansen for Project RPM 9.1, og så med karbonarm då, stilig!). Er fleire her på sentralen som er begeistra for Triangle også, har dog ikkje sett denne modellen tidlegare, lekre saker du har der. Og så eige filmrom då - ikkje dårlig! Me har også stua TVen vekk i eit anna rom, eit forstyrrande element mindre ;)

    Post masse bilder når go´sakene har landa!! Gjerne også etterkvart litt inntrykk når ht har vorte litt husvarme.

    Om du reiser til Nodeland i dag og er glad i kaffi og god musikk må du gjerne svippe innom meg på vegen (hvis du har tid til dette då, det hastar gjerne med å komme heim i styggfart med nye boksar i bilen ;)). Du har PM :)

    Vive la Revolution!!

    Mvh. Karl
     

    TAF

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    02.06.2006
    Innlegg
    1.356
    Antall liker
    437
    Torget vurderinger
    14
    Hei

    Du har taket på den fotograferinga du. ;) Kjempe flotte bilder du tar. Hvilket kamera bruker du? Speilrefleks?

    Kjenner ikkje noken av komponeneta dine,men det ser i allefall flott ut estetisk og låter sikkert topp.

    Kjekk tråd.

    TAF
     

    SOEDAL

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    22.03.2002
    Innlegg
    3.101
    Antall liker
    506
    Fine bilder. Artig å følge tråden din LydKarl :)
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    T A F skrev:
    Du har taket på den fotograferinga du. ;) Kjempe flotte bilder du tar. Hvilket kamera bruker du? Speilrefleks?
    Takk for hyggelge ord, T A F :D

    Eg knipsar forresten med dette:



    (kamera til høgre ;D)
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    SOEDAL skrev:
    Fine bilder. Artig å følge tråden din LydKarl :)
    Takk i like så, mister :)

    Er det ikkje snart på tide at du vender nasen over i nabofylket igjen? Lenge sida sist no, hadde vore kjekt med eit gjensyn.

    Mvh. Karl
     

    SOEDAL

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    22.03.2002
    Innlegg
    3.101
    Antall liker
    506
    LydKarl skrev:
    SOEDAL skrev:
    Fine bilder. Artig å følge tråden din LydKarl :)
    Takk i like så, mister :)

    Er det ikkje snart på tide at du vender nasen over i nabofylket igjen? Lenge sida sist no, hadde vore kjekt med eit gjensyn.

    Mvh. Karl
    Jo, det hadde vært trivelig det. Veldig koselig forrige gang. Har tenkt på a invitere dere over til meg også, men så har jeg liksom alltid et eller annet hifiprosjekt på gang som jeg må få i orden først før jeg vil vise det til noen. :)
     

    devilEj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    10.02.2006
    Innlegg
    124
    Antall liker
    0
    Takker for innvitasjonen, men så dessverre ikke dette før i dag. Blir helt sikkert ikke siste turen til Nodeland :)
    Jeg hadde litt dårlig tid når jeg hentet Gradientene, men gjestfriheten til Paul holdt meg der i over 4 timer. Ble ganske seint før jeg endelig var tilbake i indre østfold og fikk pakket ut de nye juvelene. Som du så i profilen min på av-forum ble Rogue Stereo90 byttet til Bryston 4B SST grunnet for lite krefter. Bryston er en virkelig voksen sak, men jeg mistenker at jeg kunne tilført enda mer power med hell. 2 stk 4B brokoblet kunne vært spennende å testet.....
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Du får heller gje ein lyd ved neste reis :)

    ACTIVE har erfaring med doble Bryston (7B SST er det vel) på basseksjonane på sine aktive, du kan jo høre litt med han.

    Mvh. Karl
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Hadde ein triveleg musikkveld i dag. fhe, Ivaols og StereoJoe stakk innom. Med seg hadde dei kvart sitt knippe plater som seg hør og bør.





    fhe hadde med seg litt hardware også i kveld, ein go´bit som også tidlegare har hatt gjesteopptreden hjå meg..


     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Forøvrig har denne gjengen meget god musikksmak, fekk smakt på litt nye plater.

    Ivaols må, som Revolution-eigar og første gangs besøkende, kunne regnast for å vere kveldens æresgjest, ein for tida meget lykkeleg mann. Og kva var det så fhe hadde med seg under armen? Jo, ein pen sak hvis vekt overgår Doxaen med stil; Bryston 4B SST.

    Denne skiller seg også frå mitt forsterkeri med sine yttermål. Tiltak må til. Og det fort.









    Kva er då meir naturleg enn å støtte opp med solid faglitteratur i emner eg kan like? Grovtiltak med fars bøker. Finjustering med litt meir barnlig litteratur. Den blå boka tilhører sjølvsagt første kategori, som omhandlar nevøen til ein kar undertegnede er fascinert av.









    Bryston 4B SST gjer seg ikkje heilt bort reint visuelt sett. Vakker sak ja. Høgtalarterminalane er av dei meir brukarvennlege eg har vore borti, Furutechspadane passar perferkt, er berre å sleppe dei nedi terminalane og skru til. Sitter som støpt. Plugger i signalkablar og strøm.

    LED on.
     

    Ivaols

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.12.2004
    Innlegg
    1.200
    Antall liker
    537
    Sted
    Flekkerøy
    Hei og takk for i går! :)

    Jeg hadde en fin kveld i hyggelig selskap, pluss at jeg fikk utvidet musikkhorisonten i en litt annen retning enn jeg er vant til, artig!

    Vil gjerne komme med noen inntrykk av lyden i oppsettet ditt LydKarl.

    Siden LydKarl med stor iver koblet opp Bryston så fort den var innenfor dørkarmen ( ;D) hørte jeg ikke på Doxaen, inntrykkene er derfor kun med Bryston i kjeden.

    Etter kun kort tid i sweetspot (der jeg fikk sitte nesten hele kvelden he he) er det musikken som er i fokus. Jeg tror grunnen til dette er at ingen frekvenser stikker seg ut, det virker homogent hele veien fra topp til bunn. Et viktig element her er rommet som har få bare flater, og flere av flatene står heller ikke vinkelrett mot hverandre. I tillegg er det passelig møblert. Et flott utgangspunkt! Tar meg selv i å lytte til helheten, og ikke detaljene selv om de er der i rikt monn. Lyden er lyttevennlig, organisk/musikalsk og innviterer til lange kvelder foran stereoen.

    Vi får se om jeg klarer å lokke til en lyttekveld hos meg en gang når Paul har vært og tatt den siste finpussen på plassering ;)

    Takk igjen for servering og hyggelig selskap!
     

    StereoJoe

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    25.11.2004
    Innlegg
    651
    Antall liker
    2
    Må nok en gang takke for hyggelig lytteseanse i kåken til LydKarl! I går var det ekstra artig å hilse på Ivaols, trivelig å treffe flere entusiaster her i Agder. fhe og hans Bryston er begge staute karer som det alltid er artig å være sammen med og jeg må si canadieren gjorde en meget overbevisende opptreden - helt som forventet, egentlig. I forhold til Doxa presenteres musikken mer uanstrengt, dynamisk og oppløst. Selv om jeg alltid har likt Doxa og måten den spiller på vil jeg nok si det er klasseforskjeller ute og går her. Både høyttalere og det store, åpne lyttemiljøet hjemme hos LydKarl stiller krav til kontant opptreden fra effekttrinnet og Bryston leverer varene. Grunnet litt lite utvalg i kabler denne kvelden ble forsterkeren kjørt single-ended, dermed fikk den kanskje heller ikke vist sitt fulle potensiale. Men flott og stort låt det, uansett.

    Takk for en hyggelig kveld, gutter!
     

    fhe

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    01.11.2006
    Innlegg
    110
    Antall liker
    2
    Takker for en fin kveld jeg også!
    Alltid trivelig i LydKarls lyttekrok, selv om lyttekrok kanskje ikke er rette uttrykket lenger....

    Tror nok det var en fordel for lyden å flytte anlegget ut i storstua. Synes det låt enda mer åpent og uanstrengt. Første-refleksjonene er vel redusert til et minimum nå.

    Det er vel bare å få hanket inn litt kraftigere forsterkerier nå Karl, så snakker vi virkelig ost!

    Mvh/
    Finn.
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Takk for hyggeleg kveld, gutter!


    Veldig kjekt å høre andres inntrykk av oppsettet. Ros som ris. No var eg, som Iavols påpeiker, mildest talt rask med å koble frå Doxaen idet Finn kom inn med sin Bryston. Eg har innsett at Doxaen ikkje har noko i oppsettet mitt å gjere, og brukte heller kvelden til å få eit inntrykk av match/mismatch med Bryston 4B SST.


    Bryston 4B SST vs Lauvland modifisert Doxa 70 Signature MkII


    Det blir litt som å sammenligne David mot Goliat dette, men la gå. Oppløsning i det (for det menneskelege øret) kritiske mellomtoneområdet oppfattar eg som meget god i begge to. Joda, eg registrerar ulikheter, det er hakket meir informasjon her, men differansen er ikkje av den mest betydelige. Der stopper også dei tilnærma fellestrekka slik eg oppfatta det i går.

    Det er neppe nødvendig å nevne det, men kontrollen i nedre frekvensar er sjølvsagt av ein anna verden med kanadieren. Skulle berre mangle. Resultatet er eit ryddig lydbilde nedover; informasjon som tidlegare langt på veg har drukna i ein einaste overfyldig bassgraut framstår no meget tydeleg. Lydbildet krabbar ikkje lenger nedover enn med Doxaen, kan hende hadde vidare prøving av ht-plassering gitt resultater her. Høgtalarane er plassert ikkje altfor langt frå bakvegg for å kompensere for mangel på kontroll nedover (med Doxaen). Ser ikkje bort i frå at plassering lenger ut på gulvet hadde gjort seg med forsterkeri som har krefter nok til å holde (stoppe) tolvtommarane med jernhånd.

    Eg tør ikkje seie noko om oppløsning på Doxa vs Bryston i dette området då Doxaen (som så mange ganger tidlegare nevnt) er underdimensjonert for denne jobben og ikkje har fått vist sitt fulle potensiale. Er vel heller ikkje akkurat utenkeleg at mangel på kontroll nedover har gått på bekostning av øvrige frekvensområder. Slik sett er det godt tenkeleg at Doxaen ikkje har fått vise sitt fulle potensiale i området eg beskriv i neste avsnitt. I begge overfornevnte frekvensområder opplever eg noko bedre dynamikk med Bryston enn med Doxa, ingen tvil om at førstnevnte har rikeleg med kraftreserver.

    I dei øvre frekvensar er det tydeleg at Bryston er meir oppløyst enn Doxaen. Lydbildet strekker seg litt lenger oppover, med flott luftig topp.

    Konklusjonen min er at der Bryston ikkje tangerer Doxaen, der overgår den Doxaen. Med fare for å virke litt høgt på tå; eg syntest det var vanskeleg å sette fingeren på noko spesielt denne kvelden. Mitt inntrykk er at det spelte bra sammenhengande, oppløyst, dynamisk og engasjerande over heile det gjengitte frekvensområdet (som sagt, det er mulig Revolution hadde klatra litt lenger nedover om plasseringa hadde vore litt annleis. Paul @ PM Audio ønsker å komme ein av dagane og hjelpe meg litt her, ser fram til det). Det var i grunnen vanskeleg å konsentrere seg om å lytte kritisk. Det spelte rett og slett musikk, og var ei nytelse å vere vitne til.

    Jaja, så var det ikkje heilt enkelt å unngå å virke overbegeistra ;D


    Bryston 4B SST vs DP 6.4


    Det er ei stund sidan DPen stod i heimen her no. Det ville derfor vere ei umulig oppgåve for meg å avdekke marginale ulikheter mellom desse to kraftkarane. Eg sat att med to spørsmål etter lytteøkta;

    Er oppsettet mitt med Bryston oppkobla såvidt fyldigare bassgjengivelse sammenligna med DPen? Og kan det tenkast at kanadieren er hakket lysare i toppen enn DPen?

    Dette er som sagt to spørsmål som dukka opp i forgårs. Sjansen for at dette er innbilning er vel like så stor som at det er tilfelle. Hadde det vore artig å hatt ein A-B test desse to imellom? Definitivt! Blir det veldig lett å få stakkars Finn med på noko slikt seinare? Neppe ;) Håpar det ordnar seg raskt med forsterkaren din, Finn. Skikkeleg kjipt at den tok kvelden når du skulle koble opp igjen heime hjå deg :-\ Hold meg oppdatert på dette!!

    Vel, takk igjen for ein meget triveleg kveld med mykje god musikk :) Legger ved eit bilde til, litt grov kvalitet vitnar om at eg valgte å bruke minst mulig tid på knipsing og max tid til lytting og go´prat. Men litt grovisbilder kan me vel bære over med?









    Mvh. Karl
     
    K

    Konrad_Johnsen

    Gjest
    Flott fortsettelse på en flott tråd!

    Morro å lese her :)
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn