Det har ikkje blitt få godord om nyervervelsen frå mi side her no.
Dette er det naturligvis ein grunn til, men det er viktig for meg å få fram at KAV 250a også er eit meget bra sluttrinn. DPA 6.4 vil slett ikkje nødvendigvis vere eit bedre alternativ for andre med andre ører/preferanser/oppsett forøvrig.
Dette er et valg gjort ut frå smak, samt matching mot øvrig utstyr. Å seie hvilken av desse to som er "best" vil for meg vere umulig. Det kan godt hende at eg hadde foretrukke Krellen i et anna oppsett.
Det er vel ikkje utenkelig at KAV 250a ville ha foretrukke aktiv pre (for all del, 6.4 trives også med aktiv pre, har hørt C1b på denne hjå StereoJoe med stort hell). Litt av grunnen til at eg nevner dette er at eg ikkje kan huske å ha sett passiv Krell pre. For meg ville det uansett vore uaktuelt å bytte pre no, då eg ikkje ønsker å svi av for mange kroner på utstyr (for tida). BPC 7.0 får duge inntil vidare.
Amerikaneren skapte eit nærmest avhengighetsskapande skyv og fundament heilt der nederst frå tolvtommarane. Eg kjem ganske sikkert til å savne dette, på enkelte opptak/genrer.
Er ikkje plagsomt opphengt i det visuelle ved komponenter, og gjer heller ikkje valg ut frå dette. Likefullt, eg skal vedgå at eg liker KAVens nokså elegante utseende (dvs, innmaten på denne tåler også dagens lys). Den lett røffe nordmannens messinginnslag glir ikkje like diskret inn ved peisveggen og er neppe alles cup of tea. Men, eg syns utseendet er heilt ok.
Resultatet av dette er at eg sitter med dp dac/pre/eff. Ja, eg var (såklart) meir enn villig til å teste ut fullt dp-oppsett i heimen. Eg vil dog påpeike at det ikkje var noko mål for meg i forkant av Krell vs DP shoot-out´en å beholde DPen for å kunne sitte med dp all the way. For å ta det som bør vere et unødvendig forsvar av eget valg: eg forstår også godt om du tenker "yeah, right" her, men dette er fakta. Eg var faktisk tvert imot forberedt på at Krellen ville få bli ståande (og at dermed slapp jobben med å bli kvitt den). Den fungerte i mine ører såpass godt hjå meg at eg vanskelig kunne tenke meg at DPen ville tangere den (tenkte aldri tanken at den kunne komme til å passe min smak
bedre enn Krellen, faktisk). At eg likevel skulle oppleve ei enno nærmare tilnærming til mine preferanser er for meg rein bonus.
Så, et valg er gjort. Mellom to imo meget oppegåande sluttrinn med kvar sine fine kvalitetar. Eg hadde levd like lykkelig med den eine, som den andre.
I kveld skal eg og StereoJoe ha et gjensyn med siste Doxaen min, som no er oppgradert til 72 Signature. Hjå ny eigar nyter den opphold med bl.a. 012 pre, bygd om til passiv, og 014 dac, også denne oppgradert. Sjekk forresten gjerne
doxa.no. Der har det skjedd litt i det siste.
Mvh. Karl
