Heisann
Tenkte eg kunne slenge ut ein kort rapport etter gårsdagen.
Etter å ha varma opp med ein liten båttur til Arendal for å sjå etter nye plater, sette eg og StereoJoe oss ned i go´kroken i heimen. Det var tid for å byttelåne forsterkarar i går. Har jo prøvd den ved tidlegare anledning med meget lovande resultat, då kun med vinyl som ok lydkilde (før dacen kom i hus), umodifisert Doxa og med første generasjon Revolution. I det oppsettet meinar eg å huske at eg likte mellomtonegjengivelsen via Doxaen likesågodt som via DPen.
Denne gangen, i nytt oppsett, er situasjonen ein litt annan.. Ift Doxaen er sjølvsagt kontrollen av ein annan verden, men der er meir. Lydbildet strekk seg lenger oppover/nedover, toppen er meget godt oppløyst, gjengivelse av piano er meir realistisk, flyter fint, og er fritatt frå hardhet. Kvart enkelt element i musikken får sin egen markerte plass med såpass med luft rundt at det er lett å plassere og følge instrument/vokal enkeltvis (hvis fleirstemt og/eller koring i bakgrunnen). Lydbildet vaks også litt i størrelse, dog ikkje i veldig stor grad. Kunne opplevast som litt slankt ift med Doxaen, har nok mykje med økt kontroll nedover med Ernstens kraftverk. Totalt sett hakket meir sammensydd frå dei lavaste frekvensar og heilt opp i store stå. Veldig moro mao. Eg fullfører gjerne signalveien med DP (bortsett frå riaaen, som eg er veldig godt fornøyd med), men vil også prøve ut andre sluttrinn før eg ein dag bytter forsterkeri. Ellers har eg som eg har nevnt fleire gongar tidlegare god tid, og kjem ikkje til å investere endå.
Doxaen er forresten blitt ganske bra. Sjølv om den nok ikkje når heilt opp i kampen mot Goliat, og det skulle gjerne berre mangle, er den god nok til å leve med litt til. No skal eg bruka tid, energi og pengar på musikk, for det er det hobbyen handlar om for meg. Men ein dag. Ein vakker dag..
Legg ved to stemningsbilder frå kvelden:
StereoJoe kan såvidt skimkast i musikkavdelingen. Eventuelle hfs´arar som har mistenkt gokroken min for å vere lokalisert på loftet/hemsen kan her sjå at det ikkje er tilfelle.
3x DP
Takk til StereoJoe for ein triveleg kveld med mykje god musikk.
Mvh. Karl