Hei igjen! Og igjen - takk for sist!!
Da har eg komme meg heim att, og pri 1 var sjølvsagt å få lyd i huset!
For å rekapitulere litt for dei som ikkje har fått det med seg, så tok eg med MI-monsterforsterkeren min østover for eit møte med sin skaper Guru RM, der justering av dei indre organa stod på timeplanen.
Opprinnelig så var det kun ei justering/oppgradering av dei fire MI 9-printa med MI 10.1 teknologi som var planlagt. Men då Guru RM under operasjonen sendte melding med spørsmål om eg også ville ha AGSS-kabelføring inni der, var det sjølvsagt ikkje nei i min munn. Langt ifrå gratis, men noko sa meg at eg ville angre om ikkje eg gjorde dette no når han først var i gang.
Då eg kjøpte forsterkeren sommaren 2011, og vi gikk gjennom den, spurte eg om og når han ville tilby noko slikt, og fekk då svaret "aldri". Eg valgte derfor å ikkje mase meir om dette, heller ikkje no når oppgradering stod på planen. Men ein skal aldri seie aldri der i gården..
Det er jo sjølvsagt eit kostnadsspørsmål, og som einmannsbedrift der ein både er konstruktør og produsent , forstår eg behovet for å setje ein strek ein plass med tanke på logistikk - men også for å holde ting på eit betalbart nivå.
Forsterkeren stod tilkobla strøm då eg henta den, så den var "godt lunka" då eg bar den ut i bilen. Men 7 timar i bil, gjorde at den var relativt kjølig då den vart båret i hus her. Men sjølv i kald tilstand høyrte eg umiddelbart at her hadde det skjedd mirakler - på alle tenkbare parameter!! Bass, mellomtone, diskant - alt framstod med dynamikk og luft/perspektiv - i vesentlig større grad enn tidligare!
Det einaste eg registrerte som ikkje fullkomment (enno) var ein liten "distanse" til vokalist-stemma - men der var til gjengjeld mengder med luft rundt. Og med ein liten time speling og dertil meir varme i forsterkeren, så byrjar også det å falle enda meir på plass. Og hugs - enno er det nok fortsatt ein del timar med innspeling som gjenstår, før ein kan seie at den er ferdig innspelt.
Eit godt teikn er i alle fall det faktum at det framstår som særs vanskelig å sitje i ro å skrive dette. Foten går og fokus blir dratt bort frå skjermen og inn i musikken!
Kva som gjer kva i oppgraderinga, er jo sjølvsagt bort imot umulig å seie noko vettugt om - det er jo snakk om viktige parameter som er justert på printet. Men eg velger å tru at også det å erstatte den originale sølvkablinga med AGSS også har gjort underverk her!
Så når Guru er heime igjen torsdag, reknar eg med at det er opptil fleire som spring ned døra hans med forsterkarar under armen og lappar i handa...
Arild