Dette høres ut som gode nyheter for de andre partiene
Mnjo.
Det er klart at Solberg er svekt av det som kom på bordet i haust. Biletet av henne som ryddig, stø og trygg har falma.
Eg trur Høgre har gjort eit anslag (medvite eller umedvite) og rekna ut at slik det kan gå likevel: ingen av dei andre partia på borgarleg side har eigentleg gått ut med tydeleg beskjed om at dei ikkje kan delta i ei regjering med henne som statsminister, og det skal godt gjerast at Ap (eller Sp!) plutseleg stiller med eit lag i tidenes toppform før stortingsvalet 2025. Å byta statsministerkandidat ville uansett vera ein risikabel operasjon.
Altså er det ingen vilje til å ta noko som helst
politisk ansvar for tilstanden til norsk politikk ved å ikkje be om vervet ein gong til. Altså, ein skal sjå på den manglande viljen til å sikra eigen habilitet i åtte år som eit lite arbeidsuhell, om lag som då stortingsrepresentantane gløymde kvar dei budde, eller kvar dei hadde reist. Hendelege uhell alt saman: nokre får svi, dei fleste går fri, og så vonar vi at alle har lært noko til neste gong.
Erna hadde sjansen til å framstå som ein politikar med uvanleg sterk ryggrad. Den tok ho ikkje.
Dette harmonerer fint med at den norske valutaen nærmar verdiar som i ein bananrepublikk.
Edit:
Det er mogleg å sjå på dette som eit utspel for å heva lista for ytra kritikk "innad i Høyre", der pressa (og eg) går fem på. Nettopp insisteringa på at ho har tilbydd seg å gå av
gjentekne gonger sidan september, og Asheims implisitte påstand om at "no er toget gått", kan tyda på at det er litt av poenget her. Eg har gått i denne typen felle mange gonger sjølv: Først "dette skal vi bestemma seinare, det vert godt med tid til å diskutera desse sakene", og plutseleg "nei, no har vi bestemt oss, og kan ikkje dra ut denne diskusjonen lenger".
Om det er noko hald i denne lesinga, heiar eg på dei kritiske kreftene i Høgre.