Her ble det total kortslutning vel. Nei nei nei!
Det er neppe nokon som vil innta dette standpunktet dei neste vekene, men det er ein interessant innfallsvinkel.
Eg har vurdert det som eit fornuftig argument at det gjer politikken tryggare at stortingspolitikarar har god løn og gode pensjonsordningar. Dårleg signaleffekt, men eit greitt prinsipp: Når du sit på tinget,
skal du ikkje uroa deg for privatøkonomien din frå månad til månad. Endå mindre når du er statsråd. Du skal ikkje halvvegs sjå etter ein ekstrajobb, ta konsulentoppdrag på si og slikt.
Så viser det seg at denne gjengen har skrive reiserekningar med gaffel, dikta opp kreative buformer for å utløysa pendlarbustad og hatt ektefeller som daytrada aksjar i vilden sky. Andre forhold er sjølvsagt også kritikkverdige, men kanskje ikkje så relevante i dette spørsmålet.
Så spørsmålet er: Har vi ikkje betalt dei folkevalde godt nok, eller er det faktisk ikkje mogleg å kjøpa dei fri frå privatøkonomiske bekymringar?
"Me lir vel tå same sykjo adle ... da e' pengjamangel, veitt eg", som svigerbesten pla seia.