Jeg har ofte lurt på om ikke agitasjonen for leksefri skole først og fremst kommer fra foreldrene som helst vi slippe....
Det kan vera. Strategisk livsfaseplanlegging er ikkje nett mi sterke side, så eg har fått ungar med eit spenn på fjorten år frå eldst til yngst. Om ikkje anna, så gjev det godt med rom til å studera opplevinga av lekser frå ungane si side.
For eigen del er det iallfall slik at eg tenkjer at læring er ein naturleg del av å vera i lag med ungane mine. Typiske gjeremål heime, sjølvsagt, men også lesing, ulike språk, rekning og allmennkunnskap/refleksjon. Då er det også mogleg å skapa motivasjon for læring på ein heilt annan måte enn det skulen kan gjera, i konkrete situasjonar som oppstår (eller vert skapte, hehe).
Dei to eldste starta i fyrste klasse med eit temmeleg høgt leksepress, og heller dårleg, lærebokstyrt lese- og skriveopplæring (god lærar, men elendig lærebok/opplegg). Det var eit mareritt å sitja heime med slitne ungar og prøva å tvinga dei gjennom leksene, som ikkje såg ut til å ha anna føremål enn å "læra å gjera lekser". Den nest yngste hadde merkbart redusert trøkk, bedre lærebok med meir varierte oppgåver og konkret, individuell tilbakemelding (det siste: positiv effekt av iPad på skulen). Ho er den som definitivt har utvikla mest leseglede og (ugh) -kompetanse: På fyrste skuleåret gjekk ho frå å kunne bokstavane til å lesa temmeleg lange bøker på eiga hand.
Anekdote, openbert, men: ja. Eg vil gjerne sleppa å vera del av eit halvdårleg, standardisert undervisingsopplegg som ungane ikkje har glede av, og iallfall ikkje ha ansvaret for å driva med ekstern motivasjon ("leksene først, så kan vi kosa oss med Netflix" - kva seier det om å læra?).
Eg er positiv til lekser. Det er eit nødvendig tiltak for å utvikle arbeidsvanar, dessutan treng ein å pugge for å lære gloser. Men lekser må individtilpassast slik at eleven klarer arbeidsmengde og forstår oppgavene utan foreldrehjelp i særleg grad. Nytt stoff må ikkje gjevast som lekse, iallfall ikkje I småskolen.
Eg er usikker på den samanhengen. Leksene har definitivt ein funksjon på ungdomsskule og vgs, dersom elevane kan bruka dei til å førebu seg på nytt stoff eller repetera det som har vore gjort i timen. På eit tidspunkt skal dei jo der at dei kan tileigna seg nytt stoff andre stader enn i klasserommet. Men eg er ikkje sikker på at det å kjempa seg gjennom keisame repetisjonsoppgåver i småskulen utviklar så gode arbeidsvanar.