Neste valg er nok uansett tapt for AP
Det er overhengande sannsynleg, men som eg peikte på i
16612: Fram til no på seinhausten såg det ikkje så hakke gale ut dersom vi såg på prosentoppslutning om raudgrøn og borgarleg blokk. Sumaren 2008 var dei raudgrøne nede på 40% på meiningsmålingane, men redda likevel inn med 7 prosentpoeng auke fram mot valet i 2009.
Det er sjølvsagt lett misvisande: Det er parti med mandat som gjev fleirtal på Stortinget, ikkje prosentvis oppslutnad om blokkar. Men det er likevel ein indikator: oppslutninga er ikkje nødvendigvis katastrofalt dårleg for
raudgrøn side, berre for Ap og Sp.
Utfordringa er at Ap må vera størst for at ei eller anna form for raudgrøn samlingsregjering skal funka. Høgre kan sannsynlegvis med, med litt stiff upper lip, leva med om Frp vert største parti og Listhaug statsminister. Ap må finna på eitkvart som kan løfta dei ca ti prosentpoeng utan å henta desse frå SV, R og MDG, og samtidig ikkje avgrensa seg unødig frå å samarbeida med resten av blokken (i klartekst vert det neppe raudgrøn regjering utan støtte frå Raudt).
Og Ap må prøva; prøver dei ikkje, kan dei berre leggja ned sjappa.
Eg trur ikkje laget med Brenna, Vestre, Nordtun og Tung er så gale. Dersom dei greier å oppnå nokre resultat med dei sakene dei har fronta, trur eg det kan vera bra. Litt seint no, men likevel. Dersom det også skjer noko magisk med renta og/eller kronekursen, så kan det løysa seg.
Men eg greier ikkje sjå kva Støre tilfører i kabalen, og eg trur mange, også i grunnfjellet til Ap, er dritlei trynet hans. Det er eit dårleg utgangspunkt. Anten får dei planleggja saker der han kan stå fram og løysa ting på litt statsmannsaktig måte, eller så får dei byta han ut. Dei beste åra som rikspolitikar hadde han som utanriksminister.
Det eg ikkje trur hjelper, er upresise visjonar om eit sosialdemokratisk lukkeland no. Eg trur det er ein diskusjon Ap verkeleg må ta om dei skal vera liv laga: Kva er sosialdemokrati på 2020- og 2030-talet? Det var det Brundtland og Hermansen gjorde på 1980-talet, sjølv om nokre misliker det. Det var det Gerhardsen gjorde i 1945. Så Giske har rett, utan at eg veit om han har svara. Å ta ein diskusjon er ikkje det same som å finna på finurlege slagord til valkampen. Det Ap må gjera
no, er å få det til å sjå ut som om dei løyser iallfall nokre problem, same om det er med sosialliberalisme eller sosialdemokrati, for å bruka orda til
@lars_erik.
Så må Støre greia å få alle desse som lagar sjølvsentrert bråk til å halda kjeft. Det er jo difor han er partileiar. Inntrykket er at han har site i to år og rive seg i håret over Trøndelag.
Der er også fint om han kan instruera Vedum om å slutta å vera idiot, sidan Senterpartiet unekteleg vil klistra ved Ap. Høyrde Vedum på radio i går, der han (rett nok "som partileiar") forsvarte den absurde påstanden om at Erna Solberg hadde skuld i at kokainbruken blant unge aukar i no. Sandra Bruflot hadde lett match, for å seia det slik.
Det er litt vinglande frå meg, og eg vil ikkje rå nokon til å tilsetja meg som politisk strateg.