Platene er viktigaste komponenten i anlegget. Eg har gjort meg mange erfaringar med reinsen av desse, så her har eg summert opp:
Hitlista til platevask:
Nr 1
Når det gjeld platevask, fekk eg demonstrert
maskina som står i butikken til Audioaktøren i Horten. Denne brukar ultralyd, og det er heilt fantastisk kor godt det verkar. Men det kostar. Så forstod eg at ein må ha spesielt reinsemiddel, som ikkje er urimeleg prisa, men som må takast med i reknestykket det også.
Nr 2
Vaskarane som har eigen "pickup"arm, som plasserast i rilla for å suge tomt for vatn, er også veldig effektive. Desse er også svært dyre. Eg har aldri samanlikna dei to eg kjenner til,
Loricraft og
Keith Monk direkte, men desse gjer ein betre jobb enn "normale" platevaskemaskiner. I gamle dagar kunne du få reinse platene dine på Musikkmagazinet i Bergen, ein fantastisk teneste som nokon kanskje kunne få som forretningside igjen?
Nr 3
Her er det veldig mange variantar,
VPI,
Nitty Gritty,
Okki Nokki, som eigentleg er variantar over same prinsipp: du fuktar plata med eigna middel, og roterer plata over ein "støvsugaropning", som dreg ut væska. Her er det varierande kvalitetar og finesser; nokre kan ta to platesider på ein gong, støvsugaren er meir eller mindre kraftig, og magasinet for oppsamla væske vert tidlegare eller seinare fullt, slik at talet plate(sider) som kan reinsast på ein dag kan variere. Men alle desse verkar ganske brukbart, sjølv om eg held ein knapp på kvaliteten til dei dyrare maskinene. Ver obs på at reinsemiddeleg kan ha varierande effekt. Eg tykkjer ei blanding av vatn og rompesprit (fått med min tidlegare fastlege så eg har ei stund) i høvet 50/50 har akkurat rette balansen av tørking ved fordamping, og suging. Brukar du meir vatn, vert plata våtare lenger, og det tek tid før du evt reinsar andre sida. Har du meir sprit, tørkar det for fort, og du får ikkje løyst opp skiten skikkeleg. I dei siste åra har eg også brukt ein liten dråpe L'Art du Son som eg fekk frå Planetsnapa. Har ikkje fintesta A/B/X på dette, men det verkar som det er gunstig for knitring. (
Clearaudio si maskin har eg aldri prøvd, og ho er sikkert bra. Men høyrer altså til kategori 3)
Nr 4
Tørrstøvsugarar.
Vac O Rec og liknande. Mine erfaringar med desse er ikkje særleg gode. Dei gjer platene statisk elektriske. Men dei gjer jobben minst like godt som ei kolfiberbørste (som ikkje ladar platene statisk). Eg ville likevel ikkje brukt mange kronene på desse støvsugarane. Ein Dishwasher, gjerne med LAST reinsemiddel, fungerer etter mitt syn betre.
LAST er elles eit utmerka middel til å få ned ein del av den knitringa som av og til kan vere sjenerande.
Heilt reint vatn, eventuelt tilsett 1/2 dråpe Zalo pr liter, kan vere ein grei måte å få bort det som ikkje går med platebørsta.
Attende på 70-talet kom eit mystisk plaststoff som skulle smørjast på plata. Deretter skulle du la det tørke ei tid, og trekke av den filmen som danna seg. Alt svineri frå rillene hang då med. Eg var svært begeistra for dette, og investerte i ei heil kasse med stoffet, noko som viste seg å vere dumt. Stoffet tålte ikkje meir enn ca 2- 3 års lagring. Etter det lot stoffet seg ikkje fjerne frå rillene, og fyrst med Monkemaskina berga eg platene.
Det aller verste du kan ha på platene dine, er "blå gugge", våt avspeling. Spesielt den typen som skal ha ein eigen pickupbørste med kost som skal vere nede i rilla under avspeling. Denne kosten festast til platespelaren med ein sugekopp, og når denne løysnar, kan du knekke nålefana på pickupen. Dessutan gjer børsta ein alternativ versjon av avspelinga, og kan skape sjenerande støy. Blå gugge lagar mykje knitring når stoffet tørkar, så du vert avhengig av det, eller du må køyre plata gjennom ei skikkeleg reinsemaskn (brukar du alternativ 3, må du gjere det fleire gongar, alternativ 2, Monken, fiksar det veldig greitt. Eg ordna deler av platesamlinga mi på MusikkMagazinet attende på 70-talet. Alternativ 1 fjerner alt som finnest av skit på plata 100%)
Når du har samla plater ei stund, lat oss seie eit par hundre album, er platereins noko du bør vurdere. Eg held meg til ei ganske billeg greie i kategori 3, som eg kjøpte for ein tusenlapp for tjue år sidan. Den gjer nytta