Utan å kjenna tysk skule-historie for godt, så har jo dette vore eit tilbakevendande når det gjeld tysk historieskriving.Har man slakket av nyere historieundervisning i skolen?
Både korleis ein skal forstå Holocaust (der ein enda opp med ein nasjonal sanning om å forstå det som noko usamanliknbart, ei historisk arveskuld: det er sjølvsagt prisverdig, men samtidig har det skada dei faglege diskusjonane) og korleis ein skulle forvalta historia frå DDR, ein stat som rett og slett vart borte. Altså, det nye Tyskland (post-89) vert ikkje forstått som eit framhald av både BRD og DDR, men berre av BDR.
Det vert kanskje litt teoretisk og sært, men det betyr også at du har eit halvt land som ikkje har noka historie mellom 1945 (eller 1933) og 1989, og ein god del av folket som ikkje har ei personleg-/familiehistorie i perioden. I tillegg har nasjonale traume som at tyskætta vart kasta ut frå halve Aust-Europa (særleg Aust-Prøyssen) vorte like feia under teppet.
Kopla dette til at historieundervisinga i grunnskule og vgs (som her) også er mindre nasjonal (då eg gjekk på skulen var ca. 2/3 norsk historie), og mindre lineær (altså, ei historie med viktige hendingar/skiljeår som skulle forklarast).
Tingen er at læreplanmåla er veldig diffuse, slik at at det kjem veldig an på lærar/lærebok kva realhistorie som er brukt for å undersøkja/arbeida med visse emne.Det var snakk om, (vet ikke hvordan det gikk?), å kutte ut WWII fra historiepensumet.
2VK er for så vidt i læreplanen, i læreplanmålet
drøfte bakgrunnen for verdenskrigene og et utvalg andre sentrale kriger eller konflikter, og reflektere over om fredsslutninger har bidratt til å skape fred og forsoning
I eit fag der du er heldig dersom faglærar har meir enn grunnfag er det ikkje så rart om faget ikkje har den heilt store allmendannande effekten, heller. Den fullstendig "instrumentelle" tilnærminga til læreplanmål (dei seier kva elevane skal GJERA, ikkje KVA DEI SKAL LÆRA OM) er ein trend i internasjonal pedagogikk, og gjeld dei fleste fag.
Dei fleste fagfolk riv seg i håret av alt dette.
Sist redigert: