dersom man, som antydes av enkelte kommentatorer er på vei mot en bi- eller multipolar verden så man man nesten velge. I den grad noen masterplan finnes så er den muligens langs slike linjer. Som f.eks. at Europa må velge om de går med USS eller Kina for å ta det mest opplagte eksempelet.
No er eg på tynn is, nesten på grensa til isbading, men eg vågar meg på eit resonnement. Kanskje ein brannfakkel. Resonnementet er svakt og skisseprega, så eg set pris på motargument.
Påstanden er at den utanrikspolitikken Trump står for, i grove trekk måtte koma uansett. Ikkje nødvendigvis kopla til dekonstruktiv fascisme innanriks, og ikkje nødvendigvis i akkurat den forma han ser ut til å få med Trump & Musk.
USA, som global mjuk supermakt og garantist for global liberal-kapitalisme, var forstrekt. Grunnen ligg særleg i (1) at dei vart for overmodige rundt 2000, og sette i gang eit langvarig prosjekt for å dominera Midtausten og Sentralasia, og (2) at dei outsourca industrien til Kina, og skapte enorm forteneste, men samtidig fattigdom i USA og eit USA utan forsyningslinjer og produksjonskapasitet.
Altså: USA var ute av stand til å spela den rolla dei hadde gjort under den kalde krigen, og prøvde å spela enno meir etterpå.
Denne veikskapen viste seg:
- i Midtausten (særleg under Trump 1/Biden), der USA måtte erkjenna at Iran (med russisk støtte) greidde å fylla maktvakumet dei hadde skapt.
- i Sentral-Asia, der USA i praksis tapte for Taliban.
- i Søraust-Asia, der Kina på meir eller mindre hybride måtar har synt at dei vil dominera ikkje berre økonomisk, men også militært.
- i Afrika, der Russland og Kina etterkvart sikra seg større og større grep, Russland militært og Kina økonomisk.
Under Biden, men ikkje nødvendigvis på grunn av han, har to av dei store krigane i verda vidare illustrert at det er grenser for USAs makt:
- Vi er mange som har klaga over at USA/NATO/Vesten har gjort for lite for Ukraina, men likevel har den vestlege støtta vore massiv. Det har ikkje skremt Putin frå å halda fram, no i snart tre år.
- USA har måtte stå som passiv tilskodar og aktiv støttespelar til den blodigaste perioden i krigføringa Israel-Palestina sidan 1948, og sett at tretti år med forsøk på å laga ein avtalebasert, fredeleg ordning gjekk i knus.
Altså: Det har vore tydeleg dei siste ti-femtan åra, men overtydeleg dei siste tre, at USA ikkje var i stand til å vera hovudsakleg "mjuk" global hypermakt og garantist verdsordninga vi kjenner. Likevel har dei prøvd, utan å lukkast.
Det Trump gjer no, utanrikspolitisk, er å bruka metodar som liknar på dei russiske og kinesiske for å sikra at USA iallfall ikke ligg dårlegare an enn Russland-Kina i den globale maktkampen: Kontroll over eigne forsyningskjeder (råvarer og ressursar), geopolitikk (Grønland, Panama) og avvikling av all utanrikspolitikk som ikkje er direkte nyttig for dette.
Påstanden min er at dette ville også ein annan president i USA gjort; mjukare, tregare og utan å direkte leggja seg ut med Europa (og Canada) på same måte som Trump. Men dei ville gjort det.
(Sorry lang, og først med corny linjeskift. Skreiv i ein ekstern editor og lima inn)