Kommentatorene i media har også nok å gjøre...
Det ligg eit tungt ansvar på Europa, Norge inkludert, om å stå imot Trumps og Putins stormaktsspel
www.aftenbladet.no
Så har Trumps kaos nådd Europa. Denne helga møtest statsleiarar, diplomatar, militære toppfolk og andre prominensar på Den internasjonale sikkerheitskonferansen i München. Det skjer etter kaotiske dagar med oppsiktsvekkjande utspel frå Trump-administrasjonen – og med ditto sjokk og vantru blant europeiske politikarar.
For mens USA og (Vest-) Europa sidan 2. verdskrigen har vore nære allierte med ei felles forståing av sikkerheitspolitikken, manifestert gjennom Nato, har Donald Trump og hans folk denne veka signalisert historiske retningsskifte.
Samla vestleg front?
EU, Nato og USA har sidan Russlands fullskalainvasjon for snart tre år sidan insistert på at denne typen valdsbruk og brot med alle internasjonale reglar ikkje skal lønna seg. Men denne veka har både Donald Trump og hans ferske forsvarsminister, ex-Fox-programleiaren Pete Hegseth, gitt uttrykk for at Ukraina vil måtta gi frå seg territorium for å få på plass ein fredsavtale.
Dei har også sagt at det er urealistisk at Ukraina får bli medlem av Nato – slik Ukraina så desperat har ønska. Nato opna døra for Ukraina-medlemskap i 2008 og forsterka signalet på fjorårets toppmøte i Washington.
Utan eit Nato-medlemskap har ikkje Ukraina nokon sikkerheitspolitisk garanti mot at Russland kan gå til angrep på nytt. Hegseth sa også (først) at det ville vera uaktuelt for USA å senda fredsstyrkar til Ukraina etter krigen. Dette må Europa ta seg av sjølv. Og skulle det koma åtak mot desse styrkane, ville det – etter USAs syn – ikkje utløysa Natos kjerneparagraf 5. Nemleg at eit angrep på eitt Nato-land, er eit åtak på alle.
Desse punkta er som tekne rett ut av Vladimir Putins drøymescenario. Og Ukrainas – og Europas – skrekkscenario.
God avtalekunst?
Alt dette har altså Trump og hans administrasjon sagt
føreventuelle fredssamtalar har kome i gang – men
etter ein halvannan times lang telefonsamtale mellom Trump og Putin. Der avtalte dei to tilsynelatande å møtast til Ukraina-forhandlingar i Saudi-Arabia. Utan Ukraina til stades. Utan Europa.
Til å vera ein mann som smykkar seg med å vera ein stor forhandlar, og som har gitt ut boka
«The Art of the Deal», har mang ein observatør undra seg over at Trump på denne måten har kasta alle sine eventuelle forhandlingskort før forhandlingane har kome i gang. På Putins premissar. Trump ser på si side for seg å tene pengar og få tilgang på verdifulle jordmineralressursar i Ukraina.
Reaksjonane frå Ukraina og europeiske politikarar er – sjølvsagt og heldigvis –
sterke og tydelege: Skal det forhandlast fred i Ukraina, skal sjølvsagt Ukraina sitja ved forhandlingsbordet. Og skal det bli ein fredsavtale, må den også sikra Ukrainas interesser som ein fri, sjølvstendig og demokratisk stat som bestemmer over seg sjølv. Sidan Europa og europeisk sikkerheit også så definitivt er inne i miksen, bør også Europa involverast i samtalane om kva som skal skje i Ukraina.
Som den norske etterretningstenesta skriv i si siste trusselvurdering:
«En avslutning av krigen på russiske premisser vil styrke Moskvas tro på militærmakt som utenrikspolitisk virkemiddel, og Russland vil kunne gjenoppbygge og anvende landets militærmakt også andre steder.»
Andre stader inneber også andre europeiske land. Inkludert Norge.
Usikker alliert
Trumps nye inntog i Det kvite hus har skapt rabalder i USA – men også i verda elles. Noko av det forbløffande i virvelvinden av presidentordrar har vore å sjå kor tafatt motstanden så langt har vore. Kor er demokratane? Kor er dei klassiske republikanarane? Skal alt verkeleg overlatast til enkeltdommarar i rettsvesenet?
Håpet er at Europa har sterkare ryggrad og motstandskraft i møte med ein uføreseieleg president omgjeven av svakt kvalifiserte lojalistar som har fint lite erfaring eller innsikt i diplomati og internasjonal politikk. Europa var for så vidt førebudd på at Trump kunne koma tilbake i presidentstolen. Men Europa har ikkje handla raskt eller tungt nok til å kunna garantera for kontinentets sikkerheit aleine – eller for liberale, demokratiske verdiar og ein regelbasert verdsorden.
Dermed ligg det eit tungt ansvar på europeiske land – Norge inkludert – om å stå imot Trumps og Putins stormaktsspel. Om å leva opp til løfta om å støtta Ukrainas – og dermed Europas – interesser. Og så må Europa – både i EU og Nato – ta eit større ansvar for seg sjølv og våre felles interesser. Ikkje berre retorisk, men også økonomisk, politisk og militært.
Etter tilsynelatande å ha gått med på mange av Putins premissar for fred i Ukraina – og dermed snudd ryggen til tidlegare amerikansk politikk og europeiske allierte – blei veka avslutta med at visepresident
J.D. Vance åtvara Russland om bruk av både militær og økonomisk makt for å få på plass ein fredsavtale. Han utelukka heller ikkje amerikanske styrkar på ukrainsk jord. Altså omtrent det motsette av kva Trump og Hegseth sa få dagar tidlegare. Det bidrog ikkje akkurat til å gjera forvirringa mindre rundt kva som er den faktiske amerikanske politikken overfor Ukraina og Europa.
Men kaoset gjer i alle fall éin ting tindrande klart: EU og Europa må ta eit større sikkerheitspolitisk ansvar for seg sjølv. Me kan ikkje lenger basera oss på å stola på varierande administrasjonar i USA.
Kva gjer vesle Norge i ei slik verd?