Tror det var
@Disqutabel (og sikkert flere med han...) som skrev en gang at US er på vei til å bli et U-land. Og det kan se ut som at de gjør hva de kan for å bli det. Sandelson ser på saken.
KOMMENTAR: President Trump stoppar, slettar og hindrar all kunnskap han ikkje liker at finst. Det kan det bli nye pandemiar av.
www.aftenbladet.no
Kva vi erfarte under pandemien? At ein familie i eige nabolag kan bli dødeleg ramma av sjukdom – på grunn av noko som skjer i Kina. At vi faktisk kan vera så sårbare over så store avstandar, og med så mange land mellom. At vi trong hjelp og godvilje frå andre land, både til å skaffa smittevernutstyr og til å skaffa vaksinar. At det er heilt, heilt grunnleggande at tal og status om pågåande utbrot av smittsame sjukdommar er opent mellom land. At dei er til å stola på. At det ikkje er politisk farga skrytelister som blir delte. Og vi lærte at vi ikkje har lett for å setja barns beste høgt nok når det verkeleg gjeld.
Nå
Det er fem år sidan koronaen verkeleg begynte. Det er berre nokre veker sidan Donald Trumps andre presidentperiode begynte. Men vi har alt erfart kor utruleg kjapt det går å demontera eit samfunn.
For eksempel finst det ei liste frå presidenten, over ord det nå blir forbode å bruka i forskingsprosjekt som får eller søkjer støtte frå NIH – the US National Institutes of Health. Den lista er lang. Og det er mange, mange ord der som er så vanlege at det skal godt gjerast å unngå dei i forskingsprosjekt om helse. Det er ord som «sårbare grupper, kvinne, traume, ulikskap, skeivheit, underrepresentert, underprivilegert, historisk, systemisk, mental helse, uttrykk, status». Poenget er å få vekk all forsking som har det minste snev av det ein kallar DEI ved seg – på norsk mangfald, likeverd og inkludering.
NIHs folk skal gå gjennom pågåande prosjekt og dela dei i fire kategoriar:
- Prosjekt som utelukkande støttar «DEI-relaterte aktivitetar». Desse skal ikkje lenger få pengestøtte.
- Prosjekt som delvis gjer det. Prosjektet må reforhandlast, og ein må garantera at slike aktivitetar blir fjerna. Viss det ikkje går, skal prosjektet terminerast – stoppast.
- Prosjekt som ikkje gjer det, men der ein likevel finn nokon ord som er DEI-relaterte. Dei kan fortsetja viss dei fjernar alle slike ord frå skisser og rapportar.
- Prosjekt som ikkje driv med slikt.
Det er ikkje nok!
Ikkje berre vil ein slik ordbruk føra til at forsking blir stoppa. Nei, ordbruken må også vaskast vekk, fjernast, slettast, frå statlege nettsider.
The New York Times hadde alt for ein månad sidan funne at over 8000 statlege nettsider på få dagar var fjerna. Av byråkratar som etterlevde Trumps ordre. Blant sidene var 3000 frå
Centers for Disease Control and Prevention, som har ansvar for å beskytte folkehelsa, spesielt smittsame sjukdommar. Her finn du informasjon om blant anna vaksinar, om korona, om kjønnssjukdommar, om Alzheimer, om førebygging av kroniske sjukdommar. Vekk med det. For det viktigaste er å ikkje bruka ord som presidenten i landet ikkje liker.
Så, sist helg,
var PubMed, ein av verdas største databasar for biomedisinsk og helsefagleg forsking nede. Den er driven av amerikanske National Library of Medicine, og gir tilgang til millionar av forskingsartiklar.
Den er oppe igjen, men forskarar verda over er ikkje lengre sikre på om basen er til å stola på. Har den blitt vaska? Skal den vaskast?
Og noko av det første denne presidenten gjorde, på dag ein, var å
melda USA ut av WHO – Verdshelseorganisasjonen. Som under koronaen sjølvsagt var heilt sentral. USA leverer ikkje lenger tal til WHO.
Og så?
I USA kjem det visst heller ikkje til å bli sendt ut tornado-varslar framover. All forsking som kan ha noko som helst med klimakrise å gjere, skal òg stansast og vaskast rein for slike tendensar. Også dei blir ramma av ord på lista. Og også dette rammar medisinsk forsking og kunnskap. For i kjølvatnet av naturkatastrofar, oppstår også sjukdommar.
Samtidig med alt dette veit vi at vi har eit pågåande
utbrot av fugleinfluensa i USA, der det i februar var kjend at nærare 70 menneske var smitta. Vi veit jo òg at det pågår
eit alvorleg meslingutbrot, der minst 228 er smitta, dei fleste av dei er ikkje vaksinert. To har døydd, ein vaksen og eit barn. Men kor kan ein henta ut påliteleg informasjon om dette? Som andre land har behov for å vita?
Bokbålet
Det som skjer i USA nå, har blitt samanlikna med eit bokbål. Ein brenner det ein ikkje vil vita noko av – men i form av å sletta datafiler. Sletta nettsider. Hindra forsking. Sletta alle spor av slikt som presidenten og hans folk ikkje liker. Helst så fullstendig av vi til slutt ikkje trur at slikt finst.
Det er sjølvsagt sensur. Og det fører til sjølvsensur, frå amerikanske forskarar, som held tilbake, i frykt for å bli sparka eller hindra i å fortsetja arbeidet sitt.
Det er sjølvsagt å strupa ytringsfridommen. For der ein berre kan ytra det den med mest makt liker, er det ingen ytringsfridom.
Det er sjølvsagt å setja folkehelsa i fare, ikkje berre i eige land, men òg internasjonalt. Det er å driva opp risikoen for nye pandemiar. Det er massivt, brutalt, og fullstendig idiotisk.
Passar vi på?
Vi må forstå kor fort det går å rasera viktige institusjonar. Kor fort og uhindra ein kan demontera eit demokrati. Kor gale det kan gå når forsking blir brukt for å understøtta gjeldande politikk, og hindra når den ikkje gjer det.
Dei siste tinga der. Pass på, også her. Meir enn ein armlengdes avstand må til, mellom forsking og politikk. Og databasar er vår tids kunnskapsbibliotek og hukommelse. Dei må beskyttast mot at ein demokratisk valt leiar kan få dei rasert. Alltid.
Å strupa fri og uavhengig forsking er farleg. Vi kan mista livsviktig kunnskap. Og vi kan enda opp med eit politisk styrt syn på kva som er verkeleg og ikkje.