Det heile starta vel for lenge sidan. Etter å ha vorte indoktrinert med eit utval vinylplater gjennom heile oppveksten er barna mine forlengst i etableringsfasen. Så på sett og vis var eg ikkje forundra, men ganske fornøgd då ei av dei spurte «Pappa, kan du skaffe meg ein bra platespelar?
Kva er eigentleg «bra nok» når vi kjem til platespelarar? For å svare på dette, må ein finne ut kven lyttaren er. Eg har enda opp med ein rigg som ligg på den stressa sida av hundre kilokroner, men det er ingen som startar der. Dei mange vurderingane og kompromissa eg har gjort i vinylriggen, er for garva fanatikarar som har helde på med vinyl ein mannsalder eller to. Du kjem veldig langt med nokre få tusen også, og mange håpefulle vil vere ganske fornøgde med ein langt rimelegare spelar enn min. Nokre erfaringar er likevel fornuftig å formidle, også for den som skal halde seg til edruelege budsjett.
Nokre ord om vinyl-hygiene
Somme kan vere så heldige at dei arvar ei større vinylsamling. Då er det viktig å ta godt vare på desse verdiane. Om du ikkje likar musikken, bør du iallfall syte for at platene har så høg kvalitet som råd. Plater som knitrar er mindre verd enn dei som er strøkne. Når ein er ny for vinylmediet er det viktig å handsame platene på ein trygg måte. Vinyl er ganske robust, men tåler ikkje alt. Helst skal platene ligge i omslaget sitt, og vere så støvfrie som råd. Ta aldri på rillene, og balanser platene med peike- og langfinger på etiketten, medan tommelen på ytterkanten av plata når du skal ha henne inn/ut av omslaget.
Ei børste med karbonfibrar er fornuftig å bruke før avspeling. Andre børstar eller klutar kan også brukast, men karbonfibrar lagar i mindre grad statisk elektrisitet, som kan vere ei plage om du har tørr og varm stoveluft. Du kan også avhjelpe slike problem ved å auke luftfukta med mykje grøne plantar eller luftfuktar. Nokre platematter er også med på å jorde platene, men ikkje alle.....
Les heile artikkelen i Audiophile.no