Noen som har synspunkter på dette?
Interessant hypotese.
Eg er skikkeleg usikker på kva strategiske vurderingar som ligg bak relasjonen Kina-Russland, og det er vel eigentleg berre ei omformulering.
Kvifor Russland tek imot alt dei kan få frå Kina, og sikkert betalar alt det Kina vil ha, er ikkje særleg mystisk. Putin ville openbert inngått avtalar med kven det skulle vera som kunne levera våpen og teknologi, det vera seg Kim, Khamenei eller Belzebub ("'Beggars can't be choosers").
Men kvifor stør Kina Russland såpass heilhjarta i denne krigen? Open, nærast all-out angrepskrig mot eit naboland for å karre til seg politisk kontroll og/eller territorium er strengt tatt ikkje kinesisk strategi (mjo, Tibet og Taiwan, men i båe tilfella er det snakk om vesentleg meir fleirtydige situasjonar enn i Ukraina). Eg har, med andre ord, vanskeleg for å sjå for meg at Xí var veldig entusiastisk då Putin la fram planane sine vinteren 2022.
Eg kjøper ikkje eit argument om at diktatorar finn saman. Det er kanskje, iallfall overflatisk, ein parallell mellom «russkij mir» og førestillinga om «det eigentlege, heile Kina» også inkluderer Taiwan (den førestillinga har jo også vore dominerande på Taiwan, eller "Den kinesiske republikken" (ROC), så heilt parallelt er det ikkje).
I utgangspunktet tenkjer eg altså at støtta er kontraproduktiv for Kina. Dei er allereie i ein handelskonflikt med USA/Vesten, og støtta til Russland gjer det ikkje meir sannsynleg at den vil ta slutt med det første.
Likevel:
- Kina har alt å vinna på eit isolert Russland. Dei er ein glimrande leverandør av energi og råvarer, og ein ikkje-ubetydeleg marknad, og det er langt lettare å forhalda seg til eit oligark-styrt Russland enn mengder av småstatar med uklar og ustabil styreform.
- Krigen mot Ukraina tek fokus bort frå Taiwan. Ikkje at eg trur på eit overfallsangrep med det første (med mindre Lai ope erklærer full uavhengigheit), men det gjer at USA ikkje kan sleppa Europa heilt av syne og konsentrera seg om Aust-Asia (Israels krigføring gjer same nytta, forresten).
- Den kinesiske støtta er, som du er innom, eit latent trugsmål mot USA/Vesten: "OK, om de går heilt bananas med straffetoll og sanksjonar, tenk på kva vi kan gje til Russland. Og tenk på kva vi kan gå med på dersom de tek til fornuft og kjøper elbilane vi har laga."