I stedet prater russerne i løse vendinger om »tyngre våpen» og «alvorlige konsekvenser» i håp om at vestlig opinion selv skal male fanden på veggen og la seg avskrekke. Funker heller dårlig.
Eg trur at du har rett.
Det er lite utover enno meir mobilisering (og påfølgjande død - det kjenst veldig nære å parafrasera Blackadder, "For us, the Great War is finito, a war which would be a damn sight simpler if we just stayed in England and shot fifty thousand of our men a week", men eg let det vera med eit sitat) av arbeidsføre, unge russarar Putin kan "svara med". Atomvåpen og angrep mot Nato vil møta så store konsekvensar at det er lite tenkjeleg.
Men, eg er uroleg for eit par punkt når det gjeld desse stridsvognene. To små:
1. at det vil ta for lang tid å få dei operative (inkl. opplæring), og få på plass eit tilstrekkjeleg støtteapparat,
2. om det er mange nok til å gjera ein verkeleg skilnad på slagmarka.
men, viktigare, dersom pkt 1 og 2 eigentleg ikkje er store problem:
Eg har forstått det slik at hovudpoenget med stridsvogner er at dei kan slå seg raskt gjennom ein front, bryta forsyningslinjer og omringa fienden (Kesselschlacht). For å få det til må du følgja opp med infanteri. Å bruka stridsvogner til å berre støtte ei frontlinje, verkar dumt.
Altså, vi må forventa at Ukraina vil prøva å gjera større angrep med slike stridsvogner. I ein slik situasjon vil det vera
militært fornuftig å ikkje sjå så nøye på grensa i aust, men også slå ut den delen av forsyning og logistikk som ligg på russisk side av grensa. Skulle det skje, altså panser oppkalla etter kattedyr på faktisk russisk jord, trur eg ting kan vera meir skummelt.