Eg veit om tre-fire ulike platekransar som er tilgjengelege. Ein slik sak er ein diger ring, typisk laga av dreia rustfritt stål, slik at det kan leggjast på vinylplata såvidt innpå denne. Laga med presisjon, slik at ikkje pickupen kjem i kontakt med metallet, eller at kransen fell ned.
Den fyrste var det Kenwood som laga som utstyr til sin legendariske monsterspelar L07D. Denne var litt dillete å plassere - etter å ha lagt på plata, måtte ein mal leggjast på, og deretter platekransen. Den kunne lett skubbast ut av posisjon, om ein var uvøren.
Sjølv om denne var litt plundrete, var det tydeleg effekt av bruken av platekransen, og når ein også fekk bruke vanleg platestrammar (og ein svært effektiv pickuparm med dønnsolid kontakt med underlaget ved hjelp av ei strammemekanisme som kunne brukast etter å ha justert vta i fart), var det fleire som ynskte seg noko liknande. Det dukka difor opp nokre handlaga platekransa, som entusiastar med tilgong på det rette utstyret hadde dreia ut av rustfritt stål.
Så var det VPI, som laga den definitivt beste platekransen. Veldig lett å bruke, då han berre leggjast over plata, og sentrerar seg sjølv utan nokon mal. Diverre passar den ikkje på alle platetallerkar, og det tryggaste er å ha ein VPI-spelar (desse er svært gode, spesielt om du kan få til rimdrive og ein "supertallerken")
Den siste eg har prøvd, er Clearaudio sin. Denne er den tyngste, og dyraste, og fungerer svært godt. Men han er meir plundrete å plassere enn VPI, for du må bruke ein "spider" - ein mal som sentrerar kransen.
Fordi mange platekransar er dillete, og ganske dyre, er det ikkje særleg utbreidd praksis å bruke slikt. Men dei er noko av det mest effektive tweak du kan finne på, spesielt på litt tynne eller skeive plater. Har du hovuddelen av platesamlinga som 180 og 200 grams nypressingar, er det ikkje nødvendig med platekrans. Men om du har mykje anna vinyl, er det svært fornuftig med ein slik.
Vekta er vel ein par-tre kg