Twonky eller Minimserver? Spiller kanskje ingen rolle, er mer en brukersak
Inga rolle? Dette kan eg nerda om i timesvis
Eg har gått for Minimserver, rett og slett fordi den har støtte for "uendeleg" med eigendefinerte tags og ein slags syntaks for å definera formatering og omskriving av tags. Ikkje bra nok, og det er ingen som gjer dette rett. Målet mitt er å kunne bla etter
både ein komponist/verk/utøvar-logikk
og ein utøvar/album-logikk (og alle tenkelege kombinasjonar og underordningar, td. dirigent og label), og få opp akkurat rett og interessant informasjon på rett stad. Eit mareritt, men så langt er det altså Minim som lovar mest fleksibilitet.
Det er også eit uendeleg prosjekt, særleg for ein som aldri er nøgd med å berre bestemma seg for å gjera ting på ein måte. Korleis skal ein, til dømes, sortera alle verk av ein komponist? Alfabetisk, eller etter katalog/opusnummer? Bør sjanger (td. "styrkekvartett" eller "kantate") vera ein eigen tag og/eller ein del av namnet på verket? Korleis laga prinsipp som funkar både for Wagner, Beethoven og Chopin?
Eg bruker Foobar2000 for å redigera tagginga, for så langt er det den eg opplever å ha den beste støtta for å omskriva, dela opp og skriva saman tags. Den har nesten eit språk, eller dvs, ein syntaks som er så avansert at det liknar på eit språk. Likevel, det er mykje manuelt arbeid.
Minim har også to funksjonar som er litt kule:
1) "grouping", som kan brukast til å la eit verk vera samla når du td. opnar eit album. Ei plate med tre styrkekvartettar vil då typisk ha tre oppføringar. Dette har eg ikkje fått heilt orden på enno, og
2) ein snarveg, når eg har funne eit spor eg vil høyra, for å gå rett til plata dette ligg på. Denne funksjonen bruker eg oftare enn eg hadde trudd.
Så, oppsummert: Nei, dette speler inga rolle. Søkjefunksjonen til ei strøymeteneste er sannsynlegvis minst like god som det eg får til. Det er eit tidssluk av usannsynlege dimensjonar, og vert aldri heilt rett. Likevel, noko skal vi jo bruka våre tilmålte timar på jorda til.